Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.noHedvig Myklebust
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Me har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studiar, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonene i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 200 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbud.
Tilsette på instituttet er involverte i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltek i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vera i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er me i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet TRANSFER
Om stillinga:
Stillinga er organisatorisk plassert ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag. Prosjektet varer i tre år og startar 1. september 2026. Postdoktorstillinga skal ha oppstart same dato. Arbeidsplassen er ved campus Bergen.
Stillinga er knytt til prosjektet TRANSFER (Evaluation and Research-Policy-Practice Transfer to Promote Equity and Inclusion), finansiert med EU-midlar innanfor rammeprogrammet for forsking og innovasjon «Horizon Europe» under the call Evaluation and use of evidence in education policy and practice.
I TRANSFER deltek forskarar frå 12 universitet, høgskular og forskingsinstitusjonar i åtte europeiske land (Sveits, Tyskland, Spania, Finland, Ungarn, Litauen, Irland og Noreg). TRANSFER har som mål å styrkje kunnskapsoverføringa mellom forsking, politikk og praksis for å redusere sosial ulikskap i utdanning og fremje inkludering. Vi byggjer eit berekraftig, likskapsorientert evidensøkosystem som aktivt integrerer forskarar, politikarar, praksisfeltet i utdanning og sosialtenester, samt barn og unge i sårbare livssituasjonar og deira foreldre gjennom deltakarorienterte evalueringsprosessar og kunnskapsoverføring.
Prosjektet er organisert i ulike arbeidspakkar (WP) som fokuserer på konseptuell og metodologisk utvikling, empirisk forsking og formidling av forskingsresultat. Personen som blir tilsett, skal medverke i alle arbeidspakkane med særleg ansvar for den norske casen, og spesielt gjennomføre internasjonalt samanliknande kartleggings-, datainnsamlings og analyseoppgåver i dei arbeidspakkane der HVL har ei leiande rolle. Dette gjeld: WP 3: Research-Practice- Transfer: Concepts, Contexts and Methodology og WP 4: Conceptual and methodological evaluation and transfer framework WP 9: Evaluation of policy implementation and impact from a policy beneficieries’ perspective WP 10: Evaluation of policy implementation and impact from a policymakers’ perspective.
Som forskar i TRANSFER vil den tilsette delta i eit stort og etablert internasjonalt nettverk av erfarne forskarar, stipendiatar og postdoktorar innan pedagogikk, utdanningsvitskap, sosiologi, statsvitskap og samfunnsvitskap. Innanfor denne utlysinga blir det gitt støtte til forskingsprosjekt som handlar om utdanningsulikskap, evidensinformert utdanningspolitikk og utdanningspraksis, og om samanhengen mellom forsking, politikk og praksis. Søkjaren skal legge fram forslag til prosjektskisse (inntil 5 sider, Skriftstørrelse 12, Times New Roman og linjeavstand 1) for kvalifiseringsarbeidet basert på TRANSFER prosjektet. Skissa skal tydeleg vise korleis det planlagde prosjektet bidreg til følgjande mål:
analyse og vurdering av utdanningspolitikk og utdanningspraksis med omsyn til utdanningsulikskap, inkludering og sosial rettferd
styrking av kunnskapsoverføringa mellom forsking, politikk og praksis
systematisk innhenting og integrering av perspektiva til dei som er direkte råka
Skissa skal innehalde:
- tema, mål og sentrale forskingsspørsmål- relevans i kontekst av utdanningsulikskap og inkludering - omriss av konseptuell-teoretisk ramme og metodar (stikkord)- utpeiking og kort skildring av eitt til to politikktiltak som skal undersøkast - eit nasjonalt valt utdanningspolitisk tiltak og/eller eit tiltak med eksplisitt referanse til UN SDG 4 (det fjerde av FNs berekraftsmål: «Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle») eller til den europeiske søyla for sosiale rettar (European Pillar of Social Rights)- grov tidsplan med milepålar
Det vert lagt til grunn at søkjaren vil kunne gjennomføre prosjektet i løpet av tilsettingsperioden og at skriftlege vitenskaplege arbeid er sendt inn for vurdering i tidsskrifter innan tre år. Det skal skrivast på engelsk.
Ansvars- og arbeidsområde
Arbeidsoppgåvene til postdoktoren i prosjektet er:
Planlegging og gjennomføring av forskingsarbeid (inkluderer litteraturgjennomgang, organisering av casestudiar, internasjonal koordinering og administrative oppgåver).
Utvikling av forskings- og evalueringsdesign (metodeutvikling, innovativ evaluering, deltakarstyrte tilnærmingar og brukarmedverknad).
Datainnsamling og metodisk gjennomføring (utforming av verktøy knytta til deltakande metode, feltarbeid, intervju, spørjeundersøkingar og dessutan etiske refleksjonar og vurderingar.
Dataanalyse og samanliknande studiar (kvalitative og kvantitative analysar datatriangulering, og dessutan samanlikning av funn på tvers av land).
Rapportering, formidling og publikasjonar (rapportar, artiklar, policy briefs, retningslinjer og presentasjonar i ulike forum).
Samhandling og opplæring (rettleiing, opplæring av medforskarar, kvalitetssikring og samarbeid med internasjonale og lokale partnarar).
Oppnådd ph.d.-grad innanfor utdanningsvitenskap, pedagogikk, lærerutdanning, sosiologi, samfunnsvitskap eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute.
Erfaring med arbeid/forsking retta mot inkludering i utdanninga og/eller tiltak for å redusere utanforskap blant barn og unge.
Erfaring med evaluering i utdanningssektoren, inkludert design og gjennomføring av evalueringsprosjekt
Erfaring med artikkelskriving.
God kompetanse i kvalitativ og/eller kvantitativ forskingsmetode og datatriangulering.
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring med felttilgang til barn og deira familiar i sårbare livssituasjonar, samt erfaring med aktørar som arbeider med barna og deira familiar, og/eller erfaring med tilgang til politikarar.
Erfaring frå arbeid/kooperasjon i internasjonale forskingsprosjekt (eks. Horizon).
Erfaring med forskingsformidling og kommunikasjon av forskingsfunn.
Personlege eigenskaper:
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeids- og formidlingsevner
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar blir vektlagt.
Faglig ambisiøs med stort potensiale.
Utdanningsfagleg kompetanseUtdanningsfaglig kompetanse er krav i alle undervisnings og forskarstillingar.
Dersom søkjar ikkje allereie har utdanningsfagleg kompetanse som innfrir krava til ei stilling som førsteamanuensis, skal HVL leggja til rette for at kompetanse blir oppnådd i løpet av tilsetjingsperioden.
Pedagogisk kompetanse blir dokumentert ved ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk cv.
Språkkrav
Søkjarar må ha svært gode kunnskapar i norsk/skandinavisk språk og engelsk språk skriftleg og munnleg.
Korleis søkja på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Me gjer merksame på at søknader blir vurderte ut frå den informasjonen som er lagd inn i www.jobbnorge.no ved utløpet av søknadsfristen. Det er søkjars ansvar å sørgja for at alle relevante vedlegg er lagde inn innan fristen, under dette masteroppgåva/hovudfagsoppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, eventuell prosjektbeskriving, attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Viss vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentera at utdanninga samsvarer med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte grader frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekt av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggja ved dokumentasjon på dette. Du kan lesa meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Me gjer merksame på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor senda søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søkja på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har fått søknaden din. Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurderte av ein vurderingskomité.
Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskaplege arbeid.
På bakgrunn av innstillinga frå komiteen vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju. Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet. Søknadene blir sende elektronisk til det sakkunnige utvalet.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Me tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennende fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Muligheter for trening i arbeidstida
Stillingen er lønnet etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1352 - postdoktor. Fra lønn vil det bli trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Me gjer merksame på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir behandla etter reglane i offentleglova. Søkjarar som har bede om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista, vil bli varsla dersom slik oppmoding ikkje blir teken til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttera personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV. Tilsett under føresetnad av at du får innvilga arbeids- og opphaldsløyve. Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskrifta. Forskrifta kan komma til bruk i behandlinga av søknadene.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Professor Solvejg Jobst, tlf. +4755 58 55 29, Solvejg.Jobst@hvl.no