Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Postdoktor innan fedmeforsking

Søknadsfrist: 11.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialfag ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde. I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Brubygging mellom psykiske og somatiske helsetenester

Om stillinga

Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for helse- og omsorgsvitskap har ledig postdoktorstilling ved campus Førde.

Postdoktorstillinga er knytta til prosjektet "Helseforsking som byggjer bru mellom psykisk og somatiske helsetenester", og er eit strategisk samarbeid mellom forskargruppene Psykisk Helse og Rus (PHR) og Folkehelse, livsstil og overvekt (FLO) ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Campus Førde.Forskingsgruppene har som mål å utvikle og gjennomføre forsking med høg klinisk nytte. PHR har utvikla prosjekt som byggjer på pasientdeltaking i helsetenester og forsking, og korleis slik deltaking kan bidra til betra praksis, brukardriven teknologiutvikling og medverknad. På dette grunnlaget bygde vi aksjonsforskingsprogrammet Norse Feedback som i dag tel fleire PhD-prosjekt, to postdoktor prosjekt og ei breidde av nasjonale og internasjonale samarbeid. I desse prosjekta har metodemangfald vore berande. Norse Feedback er eit psykometrisk persontilpassa instrument som byggjer på kvalitative studiar for alle ledd.

FLO har parallelt med dette utvikla fleire prosjekt om behandling og betringsprosessar for menneske med sjukleg overvekt, mellom anna basert på eige kvalitetsregister innan fedmekirurgi. Som ledd i denne utviklinga såg vi nytten av å styrke samarbeidet om medverknads- og tilbakemeldingsteknologiar i tenesteforskinga. Samarbeidet har resultert i eit NFR-prosjekt som inneber integrert forsking på psykiske og somatiske helseaspekt innan dei lidings- og betringsprosessane som forskargruppene rettar seg mot. Samarbeidsprosjekta kviler på premissen om at vi byggjer det vitskaplege miljøet vårt ved å få til konkret integrasjon mellom prosjekt som brukar ulike metodekompetansar.Tilsetjing i stilling som postdoktor har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitskaplege stillingar. Det særskilde fokuset i denne stillinga er internasjonal publisering basert på forskingsdata knytt til prosjektet «Helseforsking som byggjer bru mellom psykiske og somatiske helsetenester».

Postdoktorstillinga har ei tidsramme på 2 år.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplass ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, campus Førde i tilsettingsperioden.

Postdoktorstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Ansvars- og arbeidsområde:

Vi søker ein person som kan bidra til å vidareutvikle, — og forske på klinisk tilbakemeldingsystem med rutinemessig måling av pasientrapporterte data før og etter fedmekirurgi. Per i dag ligg det føre ein versjon 1.0 av eit slikt tilbakemeldingsystem som er i bruk i klinisk praksis. Forskinga vil fokusere på brukarerfaringar og behovskartleggingar ved bruk av tilbakemeldingsystemet. Både kvalitative og kvantitative metodar vil bli nytta. Vidareutvikling av det kliniske tilbakemeldingsystemet vil krevje utvikling av spørjeskjemapakken, noko som krev god forståing for målemetodar og bruk av psykometriske analysar, i tillegg til å involvere brukarar og helsepersonell på fedmepoliklinikken. Personen vi søker skal bidra til å knyte forskingsmiljøet til andre leiande miljø innanfor fagfeltet.

Forskargruppa ha ambisjon om å søkje EU-midlar i 2021 og internasjonal publisering og prosjektutvikling er viktige mål i forhold til å styrkje forsking på dette feltet.

I løpet av postdoktorperioden på 2 år er det forventa at kandidaten skal bidra til å:

  • publisere minst 5 artiklar
  • publisere nokre av desse artiklane på nivå 2
  • sampublisere med internasjonale partnarar

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjarar må ha oppnådd Ph.d.-grad innan sjukepleie eller anna studium med helsefagleg relevans, eller ha levert doktorgradsavhandlinga til vurdering og fått fastsett disputasdato innan søknadsfristen. Avhandlinga skal ikkje vere eldre enn 5 år.
  • Erfaring med artikkelskriving.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, og på engelsk. Publiseringsspråket er engelsk og arbeidsspråket er engelsk og norsk.

Ønska kvalifikasjonar:

  • erfaring frå forsking knytt til pasientar som får fedmebehandling og pasientrapporterte data
  • vitskapleg erfaring med kliniske tilbakemeldingsystem
  • god forskingsmetodisk kompetanse, og innstilt på å forske med kvalitative og kvantitative metodetilgangar

Personlige eigenskapar:

  • søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha god samarbeids- og formidlingsevne
  • personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagt
  • fagleg ambisiøs
  • kandidaten vil arbeide saman med brukarar og personell i helsetenesta og gode samarbeidsferdigheiter vil bli vektlagt

Søkjarar skal leggje fram forslag til prosjektskisse for kvalifiseringsarbeidet basert på hovudprosjektet. Det er eit krav at søkjarar tek kontakt med prosjektleiar for å få informasjon om dette før ein søker på stillinga (john.roger.andersen@hvl.no). Det vert føresett at søkjaren vil kunne gjennomføre delprosjektet i løpet av tilsettingsperioden og at skriftlege vitskaplege arbeid er innsendt for vurdering i tidsskrifter innan 2 år. Prosjektskissa kan vere på inntil 3 sider inkludert referansar, framdrifts- og publiseringsplan (skriftstørrelse 12, Times New Roman og linjeavstand 1). Skissa kan skrivast på skandinavisk eller engelsk språk.

Ved bedømming skal hovudvekta leggjast på innleverte vitskaplege arbeid og gjennomførbarheit av forslag til publikasjonar for kvalifiseringsarbeidet. Søknadsbrevet bør beskrive motivasjon for stillinga og ei grunngjeving for kvifor kandidaten er eigna for stillinga.

Korleis søke på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne siden.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfrist. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, til dømse masteroppgåve/hovudfagsoppgåve og inntil fem vitskaplege arbeid de ønskjer å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, eventuell prosjektbeskriving, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må desse komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenkje.

Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT sin generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarer med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, kan du legge ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesing. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane blir sendt elektronisk til sakkunnig utvalg. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som postdoktor vert lønna i stillingskode 1352 - postdoktor.

Frå lønnen blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik anmodning ikkje vert tatt til følgje. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor John Roger Andersen, tlf 57 67 76 15e-post john.andersen@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS