LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Postdoktor i språkvitskap

Søknadsfrist: 02.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt.

I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei åremålsstilling som postdoktor i språkvitskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga

Ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Sogndal, er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet Multilectal Literacy in Education (MultiLit) og forskargruppa Lesing, skriving og språkutvikling.

MultiLit-prosjektet (sjå https://www.hvl.no/en/multilit ) er finansiert av Norges forskningsråd i perioden 2020–2024. Det vert leia av Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, og har fleire nasjonale samarbeidspartnarar. Prosjektet har òg fleire samarbeidspartnarar i Nederland.

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling med tilsetting på 2 år. Tilsetting i stilling som postdoktor har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Det vert forutsett at søkjaren vil kunne gjennomføre prosjektet i løpet av tilsettingsperioden.

Ansvars- og arbeidsområde:

MultiLit er eit prosjekt som undersøkjer ulike sider ved norske barn og unge si ulike tileigning og praktisering av distinkte norske skriftkodar: bokmål, nynorsk og skriftleg dialekt. Hovudspørsmålet i prosjektet er om det finst målbare samanhengar mellom ulike språkkompetanseprofilar og læring. Undersøkingane tek utgangspunkt i ei pre-teoretisk forventning om at det finst tre ulike hovudprofilar: (i) ei trilektal nynorskgruppe som meistrar alle die tre kodane, (ii) ei bilektal bokmålsgruppe som primært meistrar og brukar bokmål og dialekt i skrift, og (iii) ei monolektal bokmålsgruppe som primært berre nyttar bokmål. Gjennom eit samarbeid med nederlandske forskarar skal hovud- og delspørsmål òg undersøkast i mellom anna den frisiske språkkonteksten.

MultiLit-prosjektet omfattar følgjande fire delprosjekt/arbeidspakkar:

  • WP1 Language separation in multilectal and monolectal adolescents
  • WP2 Written norms among multilectal and monolectal adolescents
  • WP3 Early standard language stimulation in multilectal and monolectal contexts
  • WP4 Developmental effects in multilectal and monolectal adolescents

Den utlyste postdoktorstillinga skal knyttast til arbeidet i WP1 som særleg skal undersøkje korleis deltakarar med ulike språkkompetanseprofilar prosesserer ulike nærståande lingvistiske varietetar. Vidare er det tett samarbeid mellom WP1 og WP4 der sistnemnde gjennom psykometriske eksperiment og analysar av tilgjengelege registerdata (skuleresultat, sosioøkonomiske forhold) skal undersøkje om det er systematiske korrelasjonar mellom ulike språkkompetanseprofilar og kognitive og skolastiske prestasjonar.

Den som vert tilsett, er forventa å samarbeide godt med andre deltakarar i prosjektet og til å delta aktivt i nettverksaktivitetar. Aktiviteten skal resultere i publikasjonar skrivne anten saman med andre i prosjektet eller åleine, publisert i nasjonale og internasjonale fagfellevurderte tidsskrift: Det er forventa at postdokken er forfattar eller medforfattar på minst to poenggivande publikasjonar per år der minst ein av dei er på nivå 2. Postdokken må vidare rekne med ein del reising i samband med datainnsamling/feltarbeid. Høgt etisk medvit i møte med informantar er naudsynt.

Søkjarane vert bedne om å skildre kvalifikasjonane sine for oppgåvene i dei to arbeidspakkane nærmare og korleis dei ser for seg at dei kan bidra til prosjektet som heilskap. Fullstendig prosjektskildring kan ein få ved å vende seg til kontaktpersonane for stillinga.

Kvalifikasjonskrav:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskaplig assistent og spesialistkandidat.

For tilsetting som postdoktor er det krav om norsk doktorgrad i språkvitskap eller frå eit anna fagfelt relevant for stillinga. Kandidatar med tilsvarande utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk doktorgrad kan òg søkje.

Det er ønskjeleg at søkjarane har erfaring og kunnskap innanfor eit eller fleire av følgjande område:

1) erfaring med å forske på barn og unge i skulealder

2) erfaring med å bruke digitale testar (offline og online)

3) kunnskap i statistikk og hypotesetesting

4) kunnskap om språktileigning og språkutvikling

Desse kvalifikasjonane vil bli særleg vektlagt i bedømming og rangering av søkjarane. Vidare er det ein føremon med kunnskap om skriftspråkutvikling.

Den som vert tilsett, er forventa å samarbeide godt med andre deltakarar i prosjektet og til å delta aktivt i nettverksaktivitetar. Postdokken må vidare rekne med ein del reising i samband med datainnsamling/feltarbeid. Høgt etisk medvit i møte med informantar er naudsynt.

Fullført doktorgrad er ein føresetnad for å bli tilsett i stilling som postdoktor, men ein kan søkje på stillinga om ein har levert avhandlinga til vurdering for offentleg forsvar innan søknadsfristen. Avhandlinga må leggjast ved søknaden og disputas må vere gjennomført før tilsettingsdato.

Ved bedømming skal hovudvekta leggjast på søkjar sine kvalifikasjonar for tematikken i MultiLit-prosjektet generelt og dei nemnde delprosjekta spesielt, samt på kvaliteten i tidlegare forsking og innleverte vitskaplege arbeid. I vurderinga av søkjarane vil vi leggje vekt på søkjar sin motivasjon, potensiale for forsking, sjølvstende, samarbeidsevne og om søkjar er personleg eigna for stillinga. Erfaring frå popularisering/formidling, fagpolitisk og administrativt arbeid vil òg bli tillagt vekt.

Søkjarane må ha gode munnlege og skriftlege evner i engelsk. God kunnskap i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ønskeleg.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev
  • Skildring av søkjaren si tidlegare forsking og korleis den er relevant for den utlyste stillinga (maks 2 sider)
  • CV
  • Vitnemål og karakterutskrift for alle akademiske gradar
  • Kontaktinformasjon til 2-3 referansar
  • Ei liste over alle vitskapelege arbeid/fullstendig publikasjonsliste
  • Inntil tre vitskapelege arbeid

Dokument som vert lagt ved søknaden, må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Søknaden med vedlegg skal leverast elektronisk via www.jobbnorge.no. Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje postdoktorstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT på at dei har motteke søknaden din.

Sakkyndig vurdering

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurderte av eit sakkyndig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over tidlegare arbeid og kor dei er offentleggjort, samt inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggjast ved søknaden i fulltekst.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju med prøveundervisning.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder inntil 5 vitskaplege arbeid de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkyndig utval. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Deltaking i eit spennande forskingsprosjekt med nasjonalt og internasjonalt samarbeid.
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling.
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida.

Stillinga som postdotkor vert løna i stillingskode 1352.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla om slik anmodning ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.

Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Førsteamanuensis Björn Lundquist, leiar av WP1, tlf.: +47 77 64 65 71, e-post: [email protected]

2) Professor Göran Söderlund, leiar av WP4, tlf.: +47 57 67 60 69, e-post: [email protected]

3) Professor Øystein Vangsnes, leiar av MultiLit-prosjektet, tlf.: +47 77 64 57 42, e-post: [email protected]

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS