Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Postdoktor - Institutt for idrett, kosthald og naturfag

Søknadsfrist: 23.08.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som postdoktor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for idrett, kosthald og naturfag.

Det er ledig ei 2-årig mellombels stilling som postdoktor knytt til prosjektet The Sogn og Fjordane Preschool Physical Activity Study (PRESPAS). Fakultetet har 5 forskingsprogram, med tilhøyrande forskargrupper der kandidaten vil bli knytt til forskargruppa "Fysisk aktivitet og folkehelse".

Forskargruppa som kandidaten skal høyre til har sitt hovudfokus på fysisk aktivitet i helsefremjande og førebyggjande arbeid i alle aldersgrupper. PRESPAS er knytta til fysisk aktivitet i barnehagen. PRESPAS er ei stor kartlegging av fysisk aktivitet og motorikk hjå 3-5 år gamle barnehagebarn gjennomført i Sogn og Fjordane 2015-2016, inkludert ein longitudinell studie gjennomført 2015-2019. Målet med studiet er å undersøkje aktivitetsnivå og kva som påverkar aktivitetsnivå hjå barnehagebarn. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland.

Tilsetting i stilling som postdoktor har som hovudmål å kvalifisere for arbeid i vitenskaplege stillingar. Det særskilde fokuset i denne stillinga er internasjonal publisering innanfor ramma av eit prosjekt.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil vere knytt til arbeid med problemstillingar rundt å forstå og fremje fysisk aktivitet hjå 3-5 år gamle barnehagebarn. Prosjektet har ein kvantitativ metodetilnærming. PRESPAS er ei kartlegging som har data på barn sin fysiske aktivitet målt med akselerometer, motoriske ferdigheiter, vekststatus og tid brukt inne/ute i barnehagen, i tillegg til ulike typar barnehagekarakteristika. Eit underutval av barn er fylgt opp med årlege målingar i 5 år for å kunne undersøkje utvikling over tid. Prosjektet gir mogelegheit for utvikling av ulike problemstillingar med utgangspunkt i data og design skissert ovanfor.

I løpet av postdoktor perioden på 2 år er det forventa at kandidaten skal:

  • publisere minst 5 artiklar
  • publisere nokon av desse artiklane på nivå 2
  • sampublisere med internasjonale partnarar (på engelsk)

Stillinga kan og innebære prosjektutvikling som støttar senter/prosjektet si virksomheit og som er relevant for kvalifisering på toppnivå.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar skal leggje fram forslag til prosjektskisse for kvalifiseringsarbeidet basert på hovudprosjektet. Det vert forutsett at søkjaren vil kunne gjennomføre delprosjektet i løpet av tilsettingsperioden og at skriftlege vitenskaplege arbeid er innsendt for vurdering i tidsskrifter innan 2 år. Prosjektskissa skal vere på inntil 5 sider inkludert referansar, framdrifts- og publiseringsplan (skriftstørrelse 12, Times New Roman og linjeavstand 1). Skissa kan skrivast på skandinavisk eller engelsk språk.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje postdoktor stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Ved bedømming skal hovudvekta leggjast på innleverte vitenskaplege arbeid og gjennomførbarheit av forslag til prosjekt for kvalifiseringsarbeid. Søknadsbrevet bør innehalde motivasjon for stillinga og ei grunngjeving for kvifor kandidaten er egna for stillinga.

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk Ph.D.-grad eller tilsvarande innanfor idrettsvitskap, folkehelsevitskap eller liknande, eller må ha levert doktoravhandlinga til vurdering og fått fastsett disputasdato innan søknadsfristen. Avhandlinga må fortrinnsvis ikkje vere eldre enn 5 år.
  • Erfaring med artikkelskriving.
  • Solid erfaring med kvantitative metodar.
  • Solid kunnskap om og erfaring med bruk av akselerometerdata.
  • God innsikt i samanhengane mellom fysisk aktivitet, helse og utvikling hjå barn.
  • Arbeidsspråk er norsk eller engelsk.
  • Gode skriftlege ferdigheiter i engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeids- og formidlingsevne.
  • Personleg og mellommennesklege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Fagleg ambisiøs med stort potensiale.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen; dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarane vert vurdert av eit sakkyndig utval. Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som postdoktor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1352.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stillinga.

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor Eivind Aadland, e-post: eivind.aadland@hvl.no, telefon: 57 67 60 86.

2) Assisterande instituttleiar Ane Solbraa, e-post: ane.solbraa@hvl.no, telefon: 57 67 60 81 / 909 53 275.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS