LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Høgskulelektor i musikk

Søknadsfrist: 25.11.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-programet Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling som Høgskulelektor i musikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 1 fast stilling som høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Stillingen inngår i Institutt for kunstfag.

Arbeidsstaden er Campus Bergen

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere....

  • Stillingen er primært knytt til barnehagelærarutdanning, og arbeidsoppgåvene vil være undervisning i musikk i tverrfaglege kunnskapsområde, rettleiing og vurdering av studenter. Det er aktuelt med oppgåver i Regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage (Rekomp)
  • Det kan og være aktuelt med oppgåver knytt til dei andre grunnutdanningane, etter- og vidareutdanning og/eller kurs- og oppdragsaktivitet
  • Forsking- og utviklingsarbeid med klar relevans for instituttet sitt fagområde. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram https://www.hvl.no/om/organisering/flki/forsking-ved-flki/forskingsprogram/ og det er forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen. Instituttet nyttar digitale læringsverktøy og har nettstøtta og samlingsbaserte undervisningsformer på fleire utdanningar og mellom campus.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • For fast tilsetting som høgskolelektor må søkar ha mastergrad med relevans for stillingen.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga

Personlege eigenskapar:

  • Dei som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men og evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
  • Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Følgjande tel positivt i vurderinga:

  • Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
  • Internasjonal erfaring

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveundervisning.

Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008-høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjar blir varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(-ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar, Oded Ben-Horin, 53 49 14 56

2) Assisterande instituttleiar, Anne Kristine Wallace Turøy, 55 58 57 93

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS