LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorkonsulent / praksiskoordinator - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (Campus Bergen)

Søknadsfrist: 20.01.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100% som seniorkonsulent i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen

Om stillinga:

Stillinga vil i hovudsak vere knytt til praksisadministrasjon ved FLKI. Sentralt i stillinga er ansvar for organisering og koordinering av praksis, saksbehandling, informasjonsarbeid og samarbeid med studentar, tilsette og praksisfelt. Ein stor del av stillinga vil vere knytt til praksisadministrasjon i grunnskulelærarutdanningane. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene, som spenner frå rutinearbeid til arbeid med utvikling og kvalitetssikring av praksis. Oppgåver knytt til digitalisering og internasjonalisering kan også vere aktuelt. Stillinga krev stor grad av sjølvstende. 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av praksis ved utdanningar i fakultetet
  • Samhandling med eksterne samarbeidspartnarar
  • Arrangere og halde fysiske og digitale møte med studentar, tilsette og eksterne deltakarar  
  • Arbeid med avtalar, planar og retningsliner for praksis 
  • Informasjonsarbeid og rettleiing retta mot studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartar  
  • Sjølvstendig ansvar for sakshandsaming 
  • Ansvar for utviklingsoppgåver og arbeid med kvalitetssystem og rutinar 

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
  • Relevant arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse, m.a. bruk av excel

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå skule og/eller barnehage
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring med bruk av FS, Public 360, Canvas og Wiseflow 
  • Erfaring frå administrativt arbeid 
  • Erfaring frå utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, nøyaktig og ansvarleg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Utviklingsorientert, initiativrik og fleksibel

For særleg kvalifiserte søkjarar kan rådgivarkode bli vurdert.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363- seniorkonsulent, eventuelt 1434-rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Eli Borsholm, studieadministrativ leiar tlf: 55 58 59 57 / 92 02 91 50

2) Laila Elise Vindenes, teamleiar praksis, tlf. 57 67 63 84 / 91 80 31 83

Søk stilling

Powered by Labrador CMS