Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet
Seniorkonsulent i praksisadministrasjon - vikariat
Søknadsfrist: 07.06.2020
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og omsorgsvitskap har ledig vikariat som seniorkonsulent i praksisadministrasjonen ved campus Sogndal
Stillinga er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon og rapporterer til studieadministrativ leiar. Praksisadministrasjonen på fakultetet er lokalisert på fleire campus, i nært samarbeid med kvarandre, studierettleiarane, kvalitetsrådgjevar, felles administrasjonen, fagpersonar og praksisfeltet.
Sillinga er ledig frå medio august og eit år frå tilsetting.
Arbeidsstad er campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- innhenting og fordeling av praksisplassar
- kommunikasjon og informasjonsflyt mot studentar, vitskapleg tilsette og praksisfeltet
- sakshandsaming av studentsaker
- andre påkommande arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå. Lang og relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
- relevant erfaring frå forvaltning og saksbehandling
- gode IKT-kunnskapar
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Ønska kompetanse:
- erfaring frå praksisfeltet eller praksisadministrasjon
- kjennskap til bachelorutdanningane barnevern, sosialt arbeid og vernepleie
Personlege eigenskapar:
- strukturert og sjølvstendig
- god til å koordinere og planlegge eige arbeid
- gjennomføringsevne og løysingsorientering
- gode evner til kommunikasjon og samhandling
- positiv og gode samarbeidsevner
- motivasjon og personleg eignaheit vert tillagd stor betydning
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som praksisrettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Studieadministrativ leiar, Kristin Senneset, tlf 55 58 57 54