LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Organisasjonskonsulent - Avdeling for studieadministrasjon

Søknadsfrist: 23.03.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon, har ledig fast stilling som organisasjonskonsulent ved campus Bergen

Om stillinga:

Studenttinget på Vestlandet (STVL) er det øvste studentpolitiske organet ved Høgskulen på Vestlandet. Studenttinget er eit lovfesta organ som skal ivareta studentane ved HVL sine interesser og fremme studentane sine synspunkt opp mot leiinga på høgskulen, styret og andre aktuelle aktørar.

Organisasjonskonsulenten skal vere ein ressurs for studentdemokratiet og studentorganisasjonane ved HVL, både administrativt og politisk. Stillinga skal fungere som bindeledd i praktiske saker, sjå til at det er kontinuitet i samhandlinga med høgskulen og vere praktisk tilretteleggjar for studentdemokratiet og studentorganisasjonane.

I det daglege arbeider organisasjonskonsulenten saman med tillitsvalde i Studenttinget og dei andre to organisasjonskonsulentane ved HVL. Stillinga har formell rapporteringsline til leiar for Avdeling for studieadministrasjon ved HVL.

Den som vert tilsett må rekna med noko ettermiddags- og kveldsarbeid. I samband med møte og konferansar i regi av Studenttinget, må du rekna med 2-3 arbeidshelgar i løpet av semesteret.

Arbeidsstaden er campus Bergen

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Sekretæroppgåver for Studenttinget, slik som innkalling, referat og praktisk tilrettelegging
  • Oppfølging av budsjett og regnskap for Studenttinget
  • Gi råd til leiinga av Studenttinget i politiske saker
  • Opplæring og oppfølging av tillitsvalde
  • Oppfølging av studentråd og studentorganiasjonar
  • Koordineringsoppgåver og andre førefallande administrative oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på bachelornivå eller tilsvarande. Lang og relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid, politisk arbeid eller liknande arbeid vert vektlagd, helst frå universitets- og høgskulesektoren
  • Grunnleggande kunnskapar om rekneskap, økonomistyring og/eller grafisk design vil vere ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Gode relasjons- og samarbeidsevner, god på å jobbe i team og vere trygg i større forsamlingar
  • God rolleforståing
  • Gode språkkunnskapar i både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Kan jobbe sjølvstendig, ta ansvar og initiativ
  • Fleksibel og kan jobbe med fleire prosjekt parallelt
  • God IKT-kompetanse

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som organisasjonskonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Leiar for Studenttinget ved HVL, Henrik Waage Tjore, mob. 468 79 414

2) Avdelingsleiar Espen Fosse, mob. 917 59 332

Søk stilling

Powered by Labrador CMS