Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førstekonsulent Servicetorget - Avdeling for studieadministrasjon

Søknadsfrist: 20.10.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for studieadministrasjon er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Avdelinga har ansvar for eksamen, studentopptak og førstelinjeteneste, og eit medansvar for studentrekruttering.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon har ledig stilling som førstekonsulent i Servicetorget, campus Sogndal

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei fast 100% stilling som førstekonsulent i Servicetorget ved campus Sogndal. Servicetorget høyrer til Avdeling for studieadministrasjon som har omtrent 55 tilsette fordelt på alle dei fem studiestadane til HVL. Servicetorget er høgskulen si førstelinje.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Handsame førespurnader til førstelinja på telefon og e-post.
  • Publikumsmottak.
  • Studieadministrative oppgåver.
  • Andre påkommande arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåvene er i utvikling, særleg med tanke på digitalisering. Endring i arbeidsoppgåver må difor påreknast.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei oppgåvene som skal utførast. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for utdanning.
  • Relevant erfaring vil bli vektlagt.
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne.
  • God serviceinnstilling og flink til å samarbeide.
  • God forståing for IKT-verktøy.

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter ein kollega som er positiv og imøtekomande. Som tilsett i Servicetorget må du vere løysingsorientert og profesjonell i møte med våre gjestar, studentar og tilsette. Du har erfaring i bruk av relevant IT-system og evne til å sette deg inn i nye administrative sakshandsamingssystem og -rutinar. Du må vere ansvarsfull og påliteleg og ha gode kommunikasjonsevner.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - Førstekonsulent.

For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1363 - Seniorkonsulent vurderast.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagansvarleg førstelinje Per Helge Hågvar, tlf.: 57 67 76 68, e-post: per.helge.hagvar@hvl.no

2) Avdelingsleiar for studieadministrasjon Espen Fosse, tlf.: 52 70 26 16 / 917 59 332, e-post: espen.fosse@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS