LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førstekonsulent - Eining for eksamen

Søknadsfrist: 24.11.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for studieadministrasjon er ein del av høgskulen sin fellesadministrasjon og høyrer til under prorektor for utdanning. Avdelinga har ansvar for eksamen, studentopptak og fyrstelinjeteneste, og eit medansvar for studentrekruttering.


Eining for eksamen har 26 tilsette fordelt ved alle fem campus: Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon, Eining for eksamen, er det ledig 100% vikariat som førstekonsulent.

Om stillinga:

Stillinga er knytt til Avdeling for studieadministrasjon, Eining for eksamen som har ansvar for organisering og gjennomføring av eksamen på campus Sogndal. Eining for eksamen har 26 fast tilsette, der 4 tilsette er knytt til campus Sogndal.

Arbeidsstad er campus Sogndal og vikariatet er ledig i perioden 01.12.2022 - 01.12.2023.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Eksamensførebuande arbeid og gjennomføring av eksamen, samt informasjons- og rettleiingsansvar knytt til eksamensrelevante spørsmål
  • Sakshandsaming (søknads- og klagehandsaming av enkeltvedtak)
  • Samarbeid med fakulteta sine faglege- og administrativt tilsette

Kvalifikasjonskrav:

Krav til stillinga:

  • Bachelorgrad eller spesialistutdanning tilpassa dei arbeidsoppgåvene som skal utførast. Relevant erfaring/realkompetanse kan kompensere for formell kompetanse
  • Erfaring frå liknande arbeid i universitets- og høgskulesektoren vert vektlagt
  • Erfaring med sakshandsaming i offentleg sektor er ein fordel
  • Gode skriftleg og munnleg framstillingsevner
  • God digital forståing og kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel, sjølvstendig, og med gode samarbeidseigenskapar
  • Trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
  • Serviceinnstilt
  • Løysingsorientert og systematisk

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offtentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Einingsleiar Gunhild Raunsgard, tlf.: 55 58 76 28, e-post: gunhild.raunsgard@hvl.no

2) Avdelingsleiar Espen Fosse, tlf.: 52 70 26 16, e-post: espen.fosse@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS