Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Seniorkonsulent / praksiskoordinator / studierettleiar (Fakultet for lærarutdanning)

Søknadsfrist: 23.06.2019

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei  fast stilling i 100% som seniorkonsulent i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Til stillinga ligg ansvar for utdanningskvalitet med vekt på praksiskoordinering, rettleiing av studentar og tilsette i studieadministrative saker og kvalitetssikring av studieprogram og emne. Stillinga krev stor grad av sjølvstende og inneber ansvar for sakshandsaming og utviklingsoppgåver, samt samhandling eksternt og mellom einingar i HVL.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av praksis ved utdanningar i fakultetet
  • Samhandling med eksterne samarbeidspartnarar
  • Rettleiing innanfor praksisområdet
  • Arbeid med planar og retningsliner for praksis
  • Rettleiing av studenter og tilsette i studieadministrative saker
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartar
  • Sjølvstendig ansvar for sakshandsaming
  • Ansvar for utviklingsoppgåver og arbeid med kvalitetssystem og rutinar

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

Det er krav om høgare utdanning på bachelor- eller masternivå. Den som blir tilsett i stillinga må ha relevant arbeidserfaring og gode IKT-kunnskapar. Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg er eit krav.

Ønska kvalifikasjonar:

Erfaring frå skule/barnehage og sakshandsaming vil bli vektlagt. Vidare vil det være ein fordel med kjennskap til lærarutdanningane, universitets- og høgskulesystemet, utviklingsarbeid og Felles Studentsystem (FS) som verktøy.

Personlege eigenskapar:

Søkaren må vere omgjengeleg, utviklingsorientert, initiativrik, sjølvstendig, fleksibel, ha gode evner innan formidling og samarbeid, vere ryddig og nøyaktig og kunne trivast i et travelt miljø.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 seniorkonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Heimeside

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Eli Borsholm, studieadministrativ leiar tlf: 55 58 59 57 / 92 02 91 50

2) Laila Elise Vindenes, teamleiar praksis, tlf. 57 67 63 84

3) Trude Myklebust, teamleiar studie, tlf. 55 58 59 74

Søk stilling

Powered by Labrador CMS