Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Førstekonsulent (Avdeling for studieadministrasjon, eining for eksamen)

Søknadsfrist: 15.08.2019

Ved HVL, Avdeling for studieadministrasjon, eining for eksamen er det ledig ei 100% mellombels stilling som førstekonsulent.

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Stillinga er knytt til avdeling for studieadministrasjon, eining for eksamen som har ansvar for organisering og gjennomføring av eksamen på campus Sogndal. Eksamensarbeid er i stor endring i forhold til digitale arbeidsprosessar og stillinga vil være med å forme utviklinga av dette.

Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Eksamensførebuandende arbeid og gjennomføring av eksamen, samt informasjons- og rettleiingsansvar knytt til eksamensrelevante spørsmål
  • Sakshandsaming (søknads- og klagehandsaming av enkeltvedtak)
  • Samarbeid med fakulteta sine faglege- og administrativt tilsette

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga vert det stilt krav om:

  • Relevant høgere utdanning, på minimum bachelornivå, relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formal kompetanse.
  • Erfaring frå liknande arbeid i universitets- og høgskulesektoren er ein fordel.
  • Erfaring med sakshandsaming i offentleg sektor og juridisk kompetanse vert lagt vekt på.
  • Gode skriftlege og munnlege fremstillingsevner
  • God digital forståing og kompetanse er ein fordel

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med bruk av Felles studentsystem (FS)

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel, sjølvstendig, og med gode samarbeidsegenskapar
  • Trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
  • Serviceinnstilt
  • Løysingsorientert og systematisk

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Fleksitid
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408 - førstekonsulent.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Einingsleiar eksamen, Gunhild Raunsgard, tel. 55 58 76 28

Søk stilling

Powered by Labrador CMS