LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgivar - Medielab

Søknadsfrist: 31.01.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Eining for utvikling av læring og undervisning (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar og aktivt i HVL’s forsking på eigne utdanningar

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning, Medielab, har ledig stilling som formidlar/rådgivar.

Den ledige stillinga er ein fast 100% stilling som vertskap og formidlar i den nye Læringslaben ved høgskulen.

Stillinga er knytt til Medielab, som er ein del av Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) i linja til prorektor for utdanning. Medielab er ansvarleg for drift av Læringslab ved alle campus.

Vi søker ein motivert og kompetent medarbeidar med høg kompetanse i pedagogisk bruk av ulike typer læringsteknologi, formidling og medieproduksjon. Stillinga vil gje den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver i eit kreativt miljø, som vil gje ettertrakta kompetanse og erfaring. Naudsynt opplæring vil bli gitt.

Arbeidsstaden er campus Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Pedagogisk og teknisk brukarstøtte og rådgjeving i Læringslab.
  • Booking av rom og utstyr til utlån.
  • Drift- og vedlikehaldsansvar for utstyr i læringslab, inkludert video- og AV-utstyr.
  • Støtte til video- og multimedieproduksjon for digital læring og audiovisuell dokumentasjon.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant pedagogisk og/eller teknisk utdanning på minimum bachelornivå
  • Dokumentert høg digital kompetanse

Ønska eigenskapar:

  • Kunnskap om ny læringsteknologi
  • Pedagogisk kompetanse/erfaring
  • Kompetanse i video- og multimedieproduksjon, VR
  • Erfaring frå team- og prosjektarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Kreativ
  • Nysgjerrig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Interesse for å utvikle eigen kompetanse innanfor Læringslabs ansvarsoppgåver

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Seksjonssjef Sigrid Jordal Havre, e-post: [email protected], Tlf.: +47 55585815 / 93219381

Søk stilling

Powered by Labrador CMS