Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Kommunikasjonsrådgjevar (campus Førde)

Søknadsfrist: 18.02.2020

Spennande vikariat ved campus Førde

Høgskulen på Vestlandet har ledig 100% vikariat som kommunikasjonsrådgjevar i perioden 01.03.2020 - 28.02.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å legge til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørge for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelingen er pådrivar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Stillinga er knytt til Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, og arbeidsplassen er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Kommunikasjonsrådgjevaren vil arbeide med eit breitt spekter av oppgåver i kommunikasjons-, rekrutterings- og marknadsarbeidet vårt. Du vil mellom anna produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar, og vil ta del i ulike kommunikasjons- og samhandlingsoppgåver og -prosjekt.

Kvalifikasjonskrav:

Vi ser etter ein dyktig og initiativrik medarbeidar.Du må ha høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, helst master, og eit stort engasjement for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.

Du må kunne arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Du må ha god skriftleg framstillingsevne, spesielt på nynorsk.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert tatt til følge.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, tlf 916 16 520

Søk stilling