LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Kommunikasjonsrådgjevar - campus Sogndal

Søknadsfrist: 15.08.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelinga er pådrivar og tilretteleggjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Høgskulen på Vestlandet har ledig ei fast stilling i 100% som kommunikasjonsrådgjevar i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Avdelinga har ansvar å leggje til rette for at HVL vert ein synleg og attraktiv institusjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi har og eit overordna ansvar for at HVL har ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt. Avdelinga er samstundes pådrivar og tilretteleggjar for kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom god samhandling med samfunns- og arbeidsliv.

Stillinga er lagt til campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Som rådgjevar vekslar du mellom strategisk, rådgjevande og operativt arbeid, og arbeidsoppgåvene spenner over mange ulike og spennande kommunikasjonsaktivitetar. Du vil mellom anna jobbe med å produsere, publisere og vedlikehalde innhald i HVL sine kanalar, og du vil ta del i ulike prosjekt i avdelinga eller på tvers av høgskulen.

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjar må ha relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå, helst master, og eit stort engasjement for høgskulen sitt samfunnsoppdrag.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha god skriftleg uttrykksevne, spesielt på nynorsk. Du må ha god forståing for digitale kommunikasjonsflater.
  • Erfaring frå forskings- og utdanningssektoren er ein fordel.
  • Erfaring frå kommunikasjonsarbeid vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar:Vi ser etter ein omgjengeleg og initiativrik medarbeidar som meistrar balansen mellom det å vere operativ med dagleg innhaldsproduksjon og strategisk planlegging og rådgjeving. Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som kommunikasjonrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Svein Ove Eikenes, tlf.: 916 16 520.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS