Senterleiar ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling
Søknadsfrist: 17.05.2022
Publisert
Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 700 årsverk og 16 600 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 300 tilsette og om lag 3200 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi.
Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.
Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde.
Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.
Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling er eit forskings- og kompetansesenter innan innovasjon og entreprenørskap.
Senteret utviklar og formidlar forskingsbasert kunnskap til bruk i utdanning og i nærings- og samfunnsliv.
Gjennom forsking og tette samarbeidsrelasjonar med eksterne aktørar bidrar Mohnsenteret til ein ansvarleg og berekraftig utvikling i nærings- og samfunnsliv. Senteret er involvert i en rekke eksternfinansierte forsknings- og innovasjonsprosjekter og driver et mastergradsprogram i «Ansvarlig innovasjon og bærekraftig verdiskaping.» Senteret har også en sentral rolle i PhD programmet «Responsible Innovation and Regional Development». Mohnsenteret er et dynamisk og uformelt arbeidsmiljø som er i positiv utvikling og har for tiden 27 tilsatte hvorav 10 er doktorgradsstipendiater.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har ledig åremålsstilling som senterleiar ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling for perioden 01.08.2022 - 31.07.2026
Om stillinga:
Senterleiar har det overordna ansvaret for senteret og dei tilsette ved senteret, og rapporterer til dekan. Senterleiar skal, som fagleg ansvarleg, leggje til rette for at senteret sine primærfunksjonar – forsking, utdanning og innovasjon - held høg kvalitet. Som ansvarleg for effektiv utnytting av senteret sine ressursar, skal senterleiar sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.
Senterleiaren har også det overordna ansvaret for innhenting av eksterne prosjektmidlar. Senterleiaren skal profilere senteret og utvikle kontakt og samarbeid med fakulteta og institutta ved høgskulen, Norges forskningsråd og andre eksterne finansiørar, næringsliv og forskingsinstitusjonar nasjonalt og internasjonalt. Senterleiar har òg ansvar for at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.
Arbeidsstaden er campus Bergen
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Ansvar for fagleg kvalitet i forsking og utdanning innanfor senteret sine fagområde
Leie arbeidet med å tilpasse senteret sine fagområde til samfunnets behov
Erfaring med forskingsleiing og innhenting av forskingsmidlar frå ulike kjelder
Internasjonale nettverk og evne til å profilere senteret utad
Ansvarleg for at senteret sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av senteret sine ressursar
Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte tilsette og studentar
Personal- og HMS-ansvar for senteret sine tilsette
Stimulere til at dei tilsette aktivt formidlar kunnskap utvikla ved senteret
Ansvar for at senteret er ein attraktiv arbeidsplass
Leggje til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane i institusjonen, og samarbeide på tvers av faggrenser og med forskjellige personalgrupper
Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor senteret sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde
Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL.
Mynde
Senterleiar har ansvar innanfor sitt område og rapporterer til dekan ved fakultetet. Vidare inngår senterleiar i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Høg vitskapleg kompetanse, med krav om relevant doktorgrad.
Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor senteret sitt fagområde.
Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.
Generelle kompetansekrav
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette.
God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar.
Erfaring frå, og solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren.
Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
God forståing for moglegheitene i digitale løysingar.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar
Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad.
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv.
Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt.
Gjennomføringsevne og resultatorientering.
Løysings - og utviklingsorientering.
Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som senterleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475 - institutleiar
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.