Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Instituttleiar ved Institutt for miljø- og naturvitskap

Søknadsfrist: 22.04.2019

Instituttleiar ved Institutt for miljø- og naturvitskap

Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 250 studentar og 40 tilsette frå 12 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Vidare har ein masterprogram i Climate Change Management og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change. Forskinga femner om tema som energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for ingeniør og naturvitskap (FIN) har 5 institutt med totalt om lag 275 årsverk og 3300 studentar. Fakultetet vert leia av ein dekan som har det overordna ansvaret for den faglege og administrative verksemda ved fakultetet og som rapporterer til rektor.


Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor- og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt ph.d-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.


Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning i Florø, Kristiansund og på Stord.


Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Høgskulen på Vestlandet søkjer no etter instituttleiar for Institutt for miljø og naturvitskap ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN). Åremålsstillinga vert lyst ut for perioden 1.8.2019 – 31.07.2023. Instituttleiar får arbeidsstad Sogndal.

Institutta skal leiast av ein instituttleiar som har det overordna ansvaret for instituttet og dei tilsette ved instituttet, og som rapporterer til dekan.

Om stillinga:

Instituttleiar skal, som fagleg ansvarleg, leggje til rette for at instituttet sine primærfunksjonar - utdanning, forsking og utvikling, innovasjon og formidling - held høg kvalitet. Som ansvarleg for effektiv utnytting av instituttet sine ressursar, skal instituttleiar sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar. Instituttleiar har òg ansvar for at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.

Det må påreknast ein del reiseverksemd mellom dei tre nærregionane.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor fagområda ved instituttet
  • Leie arbeidet med å tilpasse fagområda ved instituttet til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på ph.d.-nivå
  • Ansvarleg for at instituttet sine økonomiske råmer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
  • Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette
  • Stimulere instituttet sitt personale til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet
  • Personal- og HMS-ansvar for instituttet sine tilsette
  • Ha ei aktiv haldning til digital utvikling i kommunikasjon med tilsette og som element i utdanning og forsking
  • Stimulere til at dei tilsette aktivt formidlar instituttets kunnskapsutvikling
  • Ansvar for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
  • Leggje til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane i institusjonen
  • Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på sitt institutt
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde

Mynde

Instituttleiar har ansvar innanfor sitt område og rapporterer til dekan ved fakultetet. Vidare inngår instituttleiar i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på master-/hovudfagsnivå eller tilsvarande, og vitskapleg kompetanse
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fagområde er ønskjeleg
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag og for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings - og utviklingsorientering
  • Stor arbeidskapasitet
  • Må kunne handtere komplekse utfordringar
  • Erfaring med endringsarbeid er ei føremon
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Instituttleder er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Professor Geir Anton JohansenDekan ved Fakultet for ingeniør -og naturvitskap Tel: +47 55 58 72 38, +47 911 43 615, Epost: gaj@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS