Vil du bidra til deltakande forsking og utvikling av digitale helsetenester?

PhD-stipendiat (Fag- og utviklingsavdelinga)

Søknadsfrist: 01.09.2024

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Helse Førde HF ved Fag- og utviklingsavdelinga har ledig ei åremålsstilling som ph.d.-stipendiat innan fagområdet psykisk helse og utvikling av digitale helsetenester. Stipendiatperioden er på tre år i 100% stilling, med ønske om oppstart 01.11.2024.

Stipendiaten skal delta i forskings- og innovasjonsprosjektet «Norse Impact – Continous digital care in mental health» (NorseImpact). Norse Impact vil utvikle datadriven helseteknologi og betre modellar for å gjere tenestene personleg tilpassa og tilgjengelege utanfor vanlege fysiske møtepunkt i helsevesenet. Dei digitale helsetenestene må kombinerast med vanleg behandling og brukarinvolvering. Prosjektet er finansiert av Pilot Helse, Forskningsrådet.Ta kontakt med prosjektleiar Christian Moltu, christian.moltu@helse-forde.no for å få tilsendt prosjektskildringa.

Arbeidsområde og oppgåver

Stillinga er knytt til Forskingsgruppe for persontilpassa helsetenester (PERSONFORSK), som er ei tverrfagleg gruppe med 36 medlemmar, der 12 er stipendiatar, som er tilsett i Helse Førde/Høgskulen på Vestlandet, og sit samla knytt til Helseforsking Sogn og Fjordane. 

  • Stipendiaten må gjere seg kjent med arbeidspakken "Responsive ethics in research and innovation" i NorseImpact-prosjektet
  • Stipendiaten skal etter tilsetjing i samarbeid med rettleiarar utvikle eigen prosjektplan for Phd-prosjektet.
  • Stipendiaten skal vere aktiv i datainnsamling og gjennomføring av NorseImpact, i delprosjekt der kvalitative metodar og deltakande forsking blir brukt.
  • Det er forvetna at stipendiaten bidreg aktivt til å bygge miljøet i forskingsgruppa PERSONFORSK
  • Fordi prosjektet involverer samarbeidspartnarar i Helse Stavanger og Helse Midt-Norge, må noko reise påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i helse- og sosialfag eller andre mastergrader som søkjar kan vise er relevant (120 studiepoeng)
  • Kandidatar med mastergrad i innovasjon i helse- og velferdstjenester kan også søkje
  • Helse- og sosialfagleg erfaring
  • Søkjar må ha norsk munnleg og skriftleg på minimum B2-nivå, og gode ferdigheiter i engelsk

Ønskt kompetanse

  • Erfaring med bruk av kvalitative metodar på masternivå, gjerne i masteroppgåva
  • Erfaring med å skrive artiklar, eller andre tekstar som formidlar fag og forsking, vert vurdert som ein styrke

Personlege eigenskapar

  • Interesse for psykisk helse, deltakande forsking/brukarinvolvering og utvikling av digitale helsetenester
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • God gjennomføringsevne
  • Gode formidlingsevner

Søknad må innehalde: 

  • Søkjar sin refleksjon over kva rolle digitale tenester kan ha innanfor psykisk helse-feltet. Teksten skal vere på to sider, 1,5 linjeavstand, tekststorleik 11 eller 12.
  • CV (omfattande oversikt over utdanning, erfaring og relevant arbeid)
  • Kopi av vitnemål (bachelor og master)
  • Publikasjonar eller andre faglege arbeid som søkjar ønskjer med i vurderinga
  • Referansar (2-3 referansar, namn, tittel, e-post, telefon og relasjon til kandidaten)

Vilkår

  • Opptak til ph.d.- utdanninga ved HVL og gjennomføring av den obligatoriske opplæringsdelen er ein føresetnad.
  • For å få opptak på ph.d.-programma ved HVL, må søkarar ha B eller betre på masteroppgåva/hovudfagsoppgåva og gjennomsnittskarakter tilsvarande B eller betre på mastergraden. I særskilte tilfelle kan søkarar med karakteren C bli vurdert, dersom kandidaten har forfatta fagfellevurderte publikasjonar.
  • Endeleg plan for forskarutdanning skal vere godkjent og avtalefesta seinast tre månadar etter tilsetjing. 

Vi tilbyr 

  • Ph.d.-rettleiing frå tilsette ved Helse Førde/Høgskulen på Vestlandet
  • Deltaking i eit spennande forskings- og innovasjonsmiljø i Førde
  • Fagleg utvikling
  • Tverrfagleg miljø
  • Hyggelege kollegaer
  • Phd-stipend blir lønna etter satsar for PhD-stipend frå Samarbeidsorganet i Helse Vest

Søknader vert først vurdert av vitskapleg komité med eksternt fleirtal. Komiteen vurderer søknadstekst, vitnemål, kandidaten sin utdanningsbakgrunn, refleksjonsnotat og eventuelt andre relevante arbeid som søkjar legg ved. Vitskapleg komité leverer ei rangert tilråding. Dei høgast kvalifiserte vert kalla inn til intervju. Tilsetting skjer på bakgrunn av vitskapleg vurdering og intervju. 

Webcruiter-ID: 4832602191

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon

  • Christian Moltu (Forskingssjef PHV), (+47) 922 69 691, christian.moltu@helse-forde.no
  • Guro Mjanger (Seksjonsleiar), (+47) 992 58 047, guro.mjanger@helse-forde.no
Powered by Labrador CMS