Spennende jobbmulighet ved Nevroklinikken på Haukeland Universitetssjukehus!

Ansvarleg for data-handtering (Data Manager)

Søknadsfrist: 21.05.2020

Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Heiltidsstilling som ansvarleg for data-handtering ved Haukeland universitetssjukehus

Ei heiltidsstilling som ansvarleg for data-handtering er ledig ved forskingssenteret Neuro-SysMed på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Stillinga er finansiert av Noregs Forskingsråd, i fyrste omgang for tre år, men med muligheit for forlenging.

Om Neuro-SysMed

Neuro-SysMed er eit forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar og ansvarlig for multippel sklerose) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar og ansvarlig for nevrodegenerasjon). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å oppdage og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom (PD), fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD), multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekke oss, og behalde, arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret.

Meir informasjon om Neuro-SysMed

Informasjon om forskingsgruppene i Neuro-SysMed:

Nevromikk-lab

nevrodegenerasjon

Multippel sklerose

Nevrologisk Forskningslab

Om stillinga

Vi tilbyr ein fantastisk muligheit for ein ekspert i lagring og behandling av biologiske og kliniske data, til å bli med i forskingssenteret Neuro-SysMed. Du vil jobba saman med ei tverrfagleg gruppe av forskarar, med ekspertise på klinisk, molekylær og datateknisk nevrovitenskap, på senteret og i Computational Biology Unit (www.cbu.uib.no) på Universitetet i Bergen, som samarbeider med senteret. Som ansvarleg for datalagring, vil du ha ei nøkkelrolle i å knytte saman desse miljøa for å leggje til rette for transdisiplinær forsking og vidare bruk i klinisk diagnose og terapi. Du vil også bli oppmuntra til å utvikle og drive eigen forsking og innovasjon i samarbeid med forskarane i Neuro-SysMed, og søkje finansiering til dette. Denne stillinga gir gode muligheiter for karriereutvikling og vekst.

Arbeidsoppgåver

Du vil få den utfordrande oppgåva med å koordinere og harmonisere kurering, nomenklatur, overføring, lagring og integrering av eit breitt spektrum med biologiske, kliniske og epidemiologiske data frå pasientar og kontrollar som deltar i forskingsprosjekt i regi av Neuro-SysMed. Relevante datatypar kan vere:

  • Demografi
  • Klinisk fenotyping ved standardiserte kliniske prøvar (t.d. UPDRS og EDSS)
  • Klinisk fenotyping ved nye målemetodar (t.d. data frå bevegelsessensorar, mobiltelefonar, osv.)
  • Nevrologisk bildediagnostikk (t.d. MRI, PET, DAT-scan og ultralyd)
  • Nomenklatur og klassifikasjon for biomarkørar (biobank)
  • Nevropatologi (t.d. beta-amyloid, tau og alfa-synuklein)
  • Målretta molekylær karakterisering av biomarkørar
  • Genomikk (t.d. WGS og SNP-array)
  • DNA-metylering (t.d. WGBS og array)
  • Histon-modifikasjoner (t.d. RNA-sekvensering)
  • Proteomikk (t.d. MS)
  • Metabolomikk (t.d. LC-MS)

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein ekspert i databehandling, med krav om minst ei mastergrad (eller tilsvarande kvalifikasjonar) i bioinformatikk eller informatikk, informasjonsvitskap, biologi eller medisin

Nødvendig kunnskap, ferdigheiter og erfaring (påkrevd):

  • Erfaring i scripting
  • Godt kjend med Unix-basert miljø
  • Kunnskap om grunnleggande molekylær biologi og genomikk
  • Flytande engelsk, munnleg og skriftleg
  • Ekspertise og dokumentert erfaring i behandling av biologiske og/eller kliniske data og databasar

Personlege eigenskapar

  • Er pågåande og har eit ønske om innovasjon og å gjera ein skilnad
  • Er nøye og har fokus på detaljar
  • Er villig til å ta ansvar for prosessar og følger dei til dei er fullførd
  • Er særs god på å arbeide på eit lag
  • Visar initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • Er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
  • Har gode samarbeidseigenskapar, er god på å kommunisere
  • Er fleksibel og innstilt på å hjelpe
  • Er systematisk og analytisk
  • Er villig til å gjere seg kjend med nye emne og områdar
  • Er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar
  • Arbeider sjølvstendig og er god på problemløysing

Viktig kunnskap, ferdigheiter og erfaring (ønskes):

  • Erfaring med planlegging av datahandsaming for vitskaplege og / eller kliniske studiar
  • Erfaring i handsaming av sensitive data, inkludert kunnskap om system for å handsame sensitive data og lovgjeving som gjeld slike data
  • Forskingserfaring, ideelt frå ein PhD-grad
  • Trening i handsaming av vitskaplege data
  • Erfaringar med kommunikasjon, forhandlingar og koordinering i miljø med fleire team
  • Trening og erfaring i å organisere verktøy og databaser for datahandsaming
  • Kreditert som første eller siste forfattar i relevante publikasjonar
  • Erfaring i databasert analyse av –omikk data
  • Erfaring med å byggje eller vedlikehalde «pipelines» for analyse av –omikk data (genomikk, epigenomikk, transkriptomikk)

Vi tilbyr

  • Eit godt, internasjonalt, arbeidsmiljø
  • Spennande jobbutfordringar, med gode muligheiter for personleg utvikling og å tileigne seg nye ferdigheiter
  • Lønn som seniorforskar, med ein bruttoløn mellom NOK 600.000 og 720.000, avhengig av kvalifikasjonar. For eksepsjonelle kandidatar kan høgare løn vurderast
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i KLP, med pensjonsrettar
  • Haukeland universitetssjukehus er ein IA-arbeidsgjevar

Webcruiter-ID: 4228921306

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon: