Stilling:

Rådgivar / seniorrådgivar (Seksjon for fag- og fellessystem)

Søknadsfrist: 14.12.2018

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg, og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har om lag 900 tilsette i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.

SSB publiserer dagleg statstikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, også internasjonalt.

Vi er ei kompetanseverksemd med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernsiere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Ønskjer du å vere med på å betre SAS-systema våre? Tenkjer du automatisering og effektivisering?

I Seksjon for fag- og fellessystem arbeider 20 dyktige medarbeidarar med forvaltning av SSBs IT-system. Vi ønskjer å styrke miljøet vårt innanfor SAS for å støtte resten av verksemda, og søkjer difor etter ein ny medarbeidar. Oppgåvene vil vere å betre og vidareutvikle porteføljen til verksemda av system baserte på SAS-plattforma, og inneber mykje kontakt med brukarar. Du vil vere ein del av eit team på 6 personar, og er ein løysingsorientert person som liker å jobbe med SAS og tilhøyrande system i tett samarbeid med statistikkavdelingane. Du har interesse for og kjennskap til statistikk, og ønskjer å effektivisere eksisterande løysingar.

Stillinga kan vere i Oslo eller Kongsvinger.

Arbeidsoppgåver

  • Støtte og rådgje brukarmiljøet i utføring av beste praksis
  • Drifte og vidareutvikle eksisterande løysingar
  • Omlegging av SAS 9.4 til SAS EG
  • Automatisering av rutinar
  • Stillinga kan få andre oppgåver innanfor arbeidsområda til seksjonen

Kvalifikasjonar

  • God kjennskap til SAS (Linux og Windows)
  • Kjennskap til SAS Macro er ønskeleg
  • Kjennskap til SAS AF er ønskeleg
  • Kjennskap til statistikkproduksjon er ønskeleg
  • Erfaring med dokumentasjon av arbeidsprosessar og dokumentasjonssystem er ein fordel
  • Kjennskap til smidige utviklingsmetodar og bruk av Jira, Git etc. er ønskeleg
  • Kodekompetanse: pearl, python eller tilsvarande er ønskeleg
  • Vere god både munnleg og skriftleg i norsk og engelsk
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning

Utdanningsretning

  • Statistikk, ev. IT
  • Informatikk / IT
  • IT

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag/mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, og like å jobbe i team og ut mot brukarar
  • Evne til å sjå gode løysingar og prioritere
  • God serviceinnstilling overfor brukarar
  • Trivast med eit operativt fokus og evne til å handtere mange oppgåver samstundes
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn som rådgivar/seniorrådgivar (kode 1434/1364) kr 472 000 - 680 000 etter kvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning frå Statens pensjonskasse
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo/Kongsvinger
  • Eit godt fagleg miljø som gjev gode moglegheiter for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/leggjast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi ber søkarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi kontrollerer dokumenta.
  • Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.
  • Søkarar som gjer til kjenne at dei har nedsett funksjonsevne, må vere klar over at denne opplysninga kan bli brukt til registreringsføremål jf. regjeringas arbeid med inkluderingsdugnaden.
  • I SSB ønskjer vi mangfald blant medarbeidarane våre. Vi oppfordrar difor blant anna personar med innvandrarbakgrunn til å søkje.
  • Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne

Ref. nr.: 18/1678

Søk på stillingen

Kontaktinfo:

  • Jo Andre Torp (Seksjonssjef), (+47) 95037269
Powered by Labrador CMS