Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Førstekonsulent / rådgivar / seniorrådgivar - Seksjon for næringslivsundersøkingar

Søknadsfrist: 18.11.2019

Har du lyst til å bidra til utviklinga av SSB sine datainnsamlingstenester på Altinn-plattforma?

Seksjon for næringslivsundersøkingar har ansvaret for å gjennomføre datainnsamling frå næringslivet, med vekt på tenester på Altinn-plattforma. Seksjonen har no ledig ei stilling som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar (kode 1408/1434/1364), for å bidra med utviklinga av datainnsamlingstenester i Altinn. Framover vil det vere eit større behov for å utvikle datafangstdesign for ulike typar aktuelle data i kombinasjon med utvalsundersøkingar. Moderniseringa av Altinn gir rom for å utvikle nye innsamlingsdesign.

Arbeidsoppgaver

  • Utvikling av datainnsamlingstenester i Altinn 3.0 / Altinn Studio (JavaScript, React). Arbeidet vil skje i eit tverrfagleg produktteam som skal jobbe med pilotskjema i Altinn Studio.
  • Opplæring og rådgiving internt i SSB knytt til tenesteutvikling, i første rekkje datainnsamlingstenester
  • Bidra til betring av prosessar, rutinar, malar og verktøy relatert til tenesteutvikling/skjemautvikling

Kvalifikasjoner

  • Bachelor innanfor informatikk/programmering eller tilsvarande
  • Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanningskravet
  • Generell kompetanse rundt UX-design, Universell utforming mm.
  • Kjennskap til/erfaring frå brukartesting
  • Kompetanse og erfaring knytt til område som: -Javascript og React-Skyteknologi (eks. Kubernetes, Docker, Github o.l.Dataformat som XML, JSON, RAML og DDI
  • Kjennskap til .NET og C# er ein fordel
  • Erfaring med utvikling av front-end løysingar i skybaserte miljø
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeids- og og kommunikasjonsevner
  • Evne til sjølvstendig tilnærming til arbeidet
  • Løysingsorientert og målretta
  • Systematisk og leveringsdyktig
  • Omgjengeleg og motiverande for eit godt arbeidsmiljø
  • Personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

Lønn som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar, kr. 456 400 - 640 200 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for søkarar som er særleg godt kvalifiserteFleksibel arbeidstid og god pensjonsordningLyse og trivelege lokalar i KongsvingerEit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutviklingEin kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

SGenerelt:

Attestar/vitnemål skal registrerast/leggjast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi ber søkarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi kontrollerer dokumenta og gjennomfører bakgrunnssjekk på kvalifiserte søkarar før tilsetting.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne eller brot i CV-en. Søkarar som melder at dei har nedsett funksjonsevne eller brot i CV-en, må være medvitne om at denne opplysninga kan bli brukt i samband med registrering, jf. regjeringa sitt arbeidmed inkluderingsdugnaden.

Webcruiter-ID: 4145097349

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon: