Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Førstekonsulent / rådgivar / seniorrådgivar - Seksjon for næringslivets strukturar

Søknadsfrist: 16.12.2019

Vil du utvikle og modernisere næringsstatistikk i SSB?

Seksjon for næringslivets strukturar har inntil to ledige stillingar innanfor statistikkproduksjon og dataanalyse, der det òg blir lagt vekt på arbeid med modernisering.

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå − tal som fortel


Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Seksjonen har 30 medarbeidarar med ansvar for å utarbeide årleg statistikk som beskriv utviklinga i norsk næringsliv. Seksjonen utarbeider òg korttidsindikatorar for omsetning og arbeidskraftkostnadar for fleire næringsområde. Dataa er viktige bidrag til årleg og kvartalsvis nasjonalrekneskap, men blir òg nytta av eksterne brukarar, som til dømes Finansdepartementet og Eurostat. Seksjonen skal støtte avdelinga sitt betrings- og endringsarbeid, evne til nytenking og omstilling er derfor ein viktig faktor.

Vi legg vekt på gode IT-kunnskapar og det er viktig med god innsikt i rekneskap. Ein del av arbeidet skjer i tverrfaglege grupper, evne til å tenke heilskapleg og bidra i teamarbeid er derfor viktige eigenskapar.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av undersøkingar om årleg statistikk som beskriv utviklinga i norsk næringsliv
  • Utvikling, drift, kvalitetssikring og dokumentasjon av statistikkar
  • Tolke resultat og gjere enkle og meir avanserte analysar
  • Presentere resultata i artiklar, tabellar og figurar på ssb.no
  • Bidra i tverrgåande arbeid i SSB og til effektivisering av statistikkproduksjonen
  • Arbeidsoppgåvene for seniorrådgivar vil vere meir sjølvstendige og ligge på eit høgare nivå enn stilling som førstekonsulent/rådgivar

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradnivå, til dømes siviløkonom eller samfunnsøkonom
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
  • God IT-kompetanse
  • Interesse for reknesapsfaglege problemstillingar
  • Ønskeleg med erfaring innanfor statistikkproduksjon
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning

Personlege eigenskapar

  • Gode analytiske evner og god talforståing
  • Pliktoppfyllande og kvalitetsbevisst
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Gode samarbeidsevner
  • Initiativ og evne til nytenking
  • Personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn som førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar, kr. 456 400-640 200 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for søkarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokale i Kongsvinger
  • Et godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

Attestar/vitnemål skal registrerast/leggjast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi ber søkarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi kontrollerer dokumenta.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne eller brot i CV-en. Søkarar som melder at dei har nedsett funksjonsevne eller brot i CV-en, må være medvitne om at denne opplysninga kan bli brukt i samband med registrering, jf regjeringa sitt arbeidmed inkluderingsdugnaden.

Webcruiter-ID: 4161982048

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Elisabeth Helgeberg (Rådgiver), 408 11 374
  • Jakob Kalko (Seksjonssjef), 480 49 611