Stilling:
Treårig 100 % stilling som stipendiat (Trygg og sunn sjømat)
Søknadsfrist 09.11.2018
Om stillinga:
Innanfor programmet Trygg og sunn sjømat ved Havforskingsinstituttet, er det ledig ei treårig 100 % stilling som stipendiat innan humanpatogene og kvalitetsreduserande parasittar hos villfisk. Som stipendiat hos oss vil du ha særleg fokus på studiar av utbreiing og livssyklus til den såkalla soft flesh-parasitten Kudoa spp. Innsamling av forskingsmateriale og data vil i betydeleg grad vere knytt til deltaking på fiskeriforskingstokt i regi av vår forskingsseksjon.
I tilsetjingsperioden kan opphald ved internasjonale forskingsinstitusjonar vere aktuelt. Stillinga er knytt til forskingsseksjonen Framand- og smittestoff, og instituttet si satsing på forsking og overvaking kring parasittar i villfisk, samt utfordringar dei kan gi for tryggleik og kvalitet av sjømat.
Nokon av arbeidsoppgåvene dine vil vera:
- å medverka til utarbeiding av søknad om opptak til PhD-studiet ved Universitetet i Bergen
- planlegging og gjennomføring av eksperimentelt arbeid knytt til parasittar i akvatiske organismar
- publisering av data i fagfellevurderte internasjonale tidsskrift
Me ser etter deg som:
- har mastergrad innan fagområdet parasittologi/molekylærbiologi/fiskehelse, eller anna nærliggjande fagområde
- har dokumentert erfaring, t.d. gjennom publikasjonar, frå påvising og identifisering av parasittar hos akvatiske organismar, med særleg vekt på molekylær, PCR-basert metodikk.
- har erfaring frå, og ynskjer å delta på forskingstokt i både heimlege og internasjonale farvatn
- har gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- har gode samarbeidsevner
- er strukturert og har ei nøyaktig arbeidsform
Kva kan me tilby?
- Arbeid i ein av Europas leiande forskingsinstitusjonar, med stor samfunnsnytte
- Spanande prosjekt i eit solid og internasjonalt fagmiljø
- Lokalar sentralt i Bergen
- Fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
- Offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- Mobiltelefon
- Bedriftshytter og bedriftsidrettslag
- Trening i arbeidstida
Ytterlegare informasjon:
Stillinga vert lønt i stillingskode 1017 Stipendiat. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i samsvar med Offentleglova § 25.
Havforskningsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Havforskningsinstituttet er ei IA-verksemd, og ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.
Søknad skal sendast elektronisk via link på denne sida, med CV, relevante attestar, vitnemål og dokumentasjon på vitskapeleg produksjon (til dømes liste over eventuelle publikasjonar, presentasjonar, toktdeltaking, med meir).
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
- Forskingssjef Monica Sanden på telefon 970 11 654, eller
- Seniorforskar Bjørn Tore Lunestad på telefon 975 96 245