Ledig stilling ved Havforskingsinstituttet

Overingeniør i histologi

Søknadsfrist: 05.05.2019

Om stillinga

Havforskningsinstituttet har ledig ei fast 100% stilling som overingeniør. Stillinga plassert i forskningsgruppe Smittespreiing og Sjukdom, med arbeidsstad ved instituttets molekylærbiologiske laboratorium i Bergen.

Havforskingsinstituttet

Havforskingsinstituttet (HI) er et av dei største marine forskingsinstituttene i Europa med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Vårt hovudkontor ligg i Bergen, vi har avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.


Frå 1. januar 2018 er Havforskingsinstituttet fusjonert med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES). Det nye instituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for ei bærekraftig forvaltning av ressursane i dei marine økosystema, og for heile kjeda frå hav til mat.

Den som blir tilsett vil i alle hovudsak arbeide med parafinbaserte histologiske metodar knytt til fiskehelserelaterte problemstillingar, men vil og delta i andre relevante prosjekter på Havforskningsinstituttet.

Arbeidsoppgåver

Den som blir ansatt forventast å delta i gjennomføring av histologiske undersøkingar, hovudsakleg knytt til fisk og skalldyr, ved instituttet. Dette innebærer blant anna å delta i planlegging, førebuing og gjennomføring av forsøk, inkludert dyreforsøk, uttak av prøvar (inkludert i felt), mottak og handtering av prøvar, samt opparbeiding av materiale fram til dette er klart for analyse. Det vil og kunne bli aktuelt å delta i analyse av opparbeida materiale, inkludert histopatologiske undersøkingar. Bruk av andre metodar som plastinnstøyping, samt etablering av nye metodar, vil og være aktuelt. Stillinga vil og bidra til drifta av instituttets laboratorier.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant, fortrinnsvis høyere akademisk utdanning fra universitet eller høyskole, ev lavere akademisk utdanning tilsvarende bachelorgrad innan biologi, fortrinnsvis med erfaring frå fisk. Lengre relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God kunnskap og praktisk erfaring med ulike histologiske metodar, fortrinnsvis frå fisk og/eller skalldyr, må kunne dokumenterast
  • Beherske norsk og engelsk godt, både skriftleg og munleg.

I tillegg vil det bli lakt vekt på kompetanse innan andre relevante fagfelt, til dømes: histopatologi og diagnostikk; histologiske spesialteknikkar som immunohistokjemi, in situ hybridisering, FISH; prøveuttak frå ferskt og fiksert biologisk materiale; digital histologi. Erfaring frå drift av laboratorier (til dømes innkjøp, organisering, etablering av rutiner, kvalitetssikring) vil telle positivt. Vi legger i tillegg vekt på gode personlege eigenskapar som gode kommunikasjons- og samarbeidsegenskapar og evne til å jobbe sjølvstendig, effektivt og målretta. Søkjar må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikalier.

Det kan bli aktuelt med litt reiseverksemd i samband med arbeidet, samt at arbeidsoppgåvene vil endrast over tid for å gjenspegle Havforskingsinstituttets behov.

Vi tilbyr

  • Eit godt, utfordrande og kreativt arbeidsmiljø i eit verdsleiande forskingsmiljø
  • Arbeid i eit nasjonalt institutt med mykje internasjonal kontakt
  • Fleksibel arbeidstid, gode pensjonsordningar og velferdstilbod

Ytterlegare informasjon

Ynskjer du mer informasjon? Ta kontakt med:

  • Forskingsgruppeleiar Bjørn Olav Kvamme; tlf: 41612076 eller
  • epost bjornok@hi.no

Informasjon om Havforskningsinstituttet kan ein finne på www.hi.no.

Stillinga lønnes som overingeniør (1087) etter statens lønnsregulativ.

Havforskningsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfold, og oppfordrer alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillinga. Det gjerast merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentlegjerde sjølm om søkjar har bede om å vere unnateken søkjarlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.

For å kunne vurderast må søknaden innehalde:

  • Søknad
  • Vitnemål frå universitetsutdanning (inkludert skildring av karakterskala for ikkje-nordiske søkjarar)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansepersoner

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS