LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Innstegsstilling som førsteamanuensis (100%) i nye medium

Søknadsfrist: 01.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Kunstakademiet - Institutt for samtidskunst er det ledig ei innstegsstilling som førsteamanuensis (100%) innan nye medium. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i 6 år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden. Tilsetjing er ønska så snart som mogleg.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Vi søkjer ein førsteamanuensis med kunstnarleg praksis på høgt internasjonalt nivå innan nye medium. Søkjarar må kunne dokumentere både omfattande kunstnarleg praksis og ei brei forståing for samtidskunstfeltet og nye medium sin posisjon i dette. Dette inkluderer teori og historie knytt til nye medium i eit utvida felt.

Stillinga krev engasjement i instituttet sitt fagmiljø. Førsteamanuensen skal, i nært samarbeid med kollegaer, bidra til å utvikle den faglege profilen til instituttet. Den som vert tilsett må kunne gjennomføre og dokumentere sitt kunstnarlege utviklingsarbeid innafor instituttet sine rammer.

Nye medium er ein integrert del av instituttet sitt samla undervisningstilbod. Vi søkjer kandidatar som har dokumentert brei erfaring med tidsbaserte medium; audio, video, film, performativ formidling (Lecture performance) inkludert tekniske aspekt relatert til fagfeltet. Den som vert tilsett må òg kunne utvikle undervisning knytt til denne spesialiserte kunnskapen. Eige kunstnarleg utviklingsarbeid skal bidra til undervisninga.

Den som vert tilsett skal legge til rette for kunstnarleg utvikling og kritisk forståing hos studentane, og skal kunne være hovudrettleiar for studentar som arbeider innan andre medium og uttrykk. Undervisning gjennomførast i verkstad, studio, og seminarrom, og rettleiing skjer både individuelt og i grupper. Den nye førsteamanuensen bør ha erfaring med å undervise og rettleie på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, og må ta aktiv del i utviklinga av instituttet sin emneportefølje og i kvalitetsarbeidet.

Søkjarar bør ha motivasjon for og evne til å jobbe i eit kulturelt mangfaldig arbeids- og utdanningsmiljø.

Undervisning og forsking finn normalt stad på campus i Bergen. 

Link til Studieplanar:

https://www.uib.no/studier/BAKUNST/plan

https://www.uib.no/studier/MAKUNST/plan

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid
  • Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
  • Kunstnarleg utviklingsarbeid, inkl. prosjektutvikling/-leiing og aktiv deltaking i forskingsgrupper
  • Hovudrettleiar for BA-, MA- og ph.d.-studentar
  • Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkl. opptaksarbeid
  • Formidling
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid

Om innstegsstillinga:

Ordninga med tilsetjing i innstegsstilling skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til professor i fast hovudstilling. Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon.

  • Det kan ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon.
  • Den som blir tilsett, skal ha erfarne faglege mentorer i første halvdel av perioden.
  • Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande kunstnarlege/akademiske stab, i samsvar med arbeidsoppgåvene som er skisserte over.
  • Ei midtvegsevaluering skal utførast i starten av fjerde året.
  • Ei sluttevaluering skal blir utført i starten av det sjette året.
  • Fast tilsetjing som professor avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd ph.d.-utdanning eller gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for stab og studentar ved instituttet. 

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Ein utvikla praksis innan fagområdet.
  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsbevisst, fleksibel og imøtekommande.

Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjing.

Vi tilbyr:

  • Moglegheita for ein fast stilling som professor ved slutten av åremålet, dersom kandidaten er kvalifisert.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr. 708 000 – 759 100 brutto i året i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg, mellom anna ei beskriving av intensjonar og mål for åremålsperioden.

NB: Søknadane blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  •  Instituttleiar Katrine Hjelde, tlf: 455 19 545, e-post: Katrine.Hjelde@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Krav for å få fast tilsetjing som professor ved slutten av åremålet

Innstegsstillinga blir tildelt i samsvar med forskrifta av 24. mars 2015 nr. 341 (forskrift om tilsetjing på innstegsvilkår). Arbeidskontrakten, saman med utlysingsteksten og stillingsbeskrivinga, fastset resultata, krava og kriteria som søkjaren skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få ei fast stilling som professor. For å få ei fast stilling som professor ved Fakultet for kunst, musikk og design etter slutten av åremålsperioden, må kandidaten gjennomgå ei endeleg evaluering og ha oppfylt gjeldande krav til professorkompetanse, som er godkjent av fakultetsstyret ved Fakultetet for kunst, musikk og design.

Ei midtvegsevaluering skal utførast i starten av fjerde året.

Ei sluttevaluering skal blir utført i starten av det sjette året.

Opprykk til professor er avhengig av ei tilfredsstillande evaluering.

Krava for ei fast stilling som professor er for tida fastsett i forskrifta av 9. februar 2006 nr. 129 (forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar).

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS