LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis ved Master i barnevern

Søknadsfrist: 28.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for helse, miljø og likeverd ved Det psykologiske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) ved Master i barnevern.

Institutt for helse, miljø og likeverd er eit tverrfagleg institutt som driver forsking og masterprogram på fagfelta barnevern, helsefremmande arbeid, og global utvikling. Instituttet er en del av Alrek Helseklynge ved Universitetet i Bergen (LINK)

Nye nasjonale retningslinjer for masterprogrammet i barnevern blir vedteke i 2021 Disse nye retningslinjene vil få stor innverknad på utviklinga av masterprogrammet ved Det psykologiske fakultet, som blir tilbydd frå hausten 2022. Den som tilsettast i stillingane vil være en viktig fagperson i arbeidet med vidareutviklinga av masterprogrammet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Arbeidsplass ved Institutt for helse, miljø og likeverd.
  • Undervisning, emneansvar og rettleiing på barnevernsfeltet.
  • Forsking, publisering og arbeid med å utarbeide nye forskingsprosjekt og søknader om eksterne forskingsmidlar innanfor felt med relevans for utsette barn, unge og deira familiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha:

  • god kjennskap til og engasjement for barneverntenesta og andre relevante tenester for barn og unge i norsk kontekst
  • avlagt doktorgrad eller dokumentasjon på innlevert avhandling innan eit relevant fagfelt
  • engasjement og interesse for fagleg utvikling i barnevernsfeltet
  • kunne arbeide sjølvstendig og strukturert med undervisning og forsking
  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • kunne undervise på norsk eller eit skandinavisk språk frå tilsetjing
  • gode formidlingsevner på engelsk munnleg og skriftleg
  • utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå: Regler for vurdering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiB. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Kompetansekrav for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis fremgår av forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger §1-2

Det er en fordel om søkjar har:

  • kvalitativ forskingskompetanse
  • erfaring frå tverrfaglege forskingsprosjekt
  • praksiserfaring frå relevante tenester for utsette barn og unge

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 68 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 626 100- 702 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål, og eventuelt ein bekreftelse på at doktoravhandling er levert
  • Attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over (ti) vitskapleg arbeide du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Opp til ti vitskaplege arbeida søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga

Vi gjer merksame på at søknader blir vurdert ut frå informasjon og vedlegg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjonen er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Aktuelle kandidatar vil bli invitert på intervju og prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS