LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (innstegsstilling) i informasjonssikkerheit

Søknadsfrist: 31.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i informasjonssikkerheit

Institutt for informatikk ønskjer å rekruttere ein førsteamanuensis i informasjonssikkerheit i innstegsstilling. Dette er ei åremålsstilling med varigheit i seks år, med moglegheiter til fast tilsetjing som professor ved slutten av tilsetjingsperioden.

Om instituttet

Digitalisering av bedrifter, industri, offentleg administrasjon og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet vårt skal lukkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning på eit høgt internasjonalt nivå i algoritmar, bioinformatikk, informasjonstryggleik, maskinlæring, optimalisering, programmeringsteori, visualisering og didaktikk. Tilknytte senter og laboratorium inkluderer Center for Data Science (CEDAS)Computational Biology Unit (CBU) og Energy Informatics Lab, som er ei viktig forlenging av instituttet sine aktivitetar innan utdanning og forsking.Instituttet tilbyr utdanning for framtida på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Instituttet er i rask vekst med omsyn til talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, og 150 tilsette frå over 35 land, der 37 er fagpersonar og 50 er doktorgradskandidatar.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Målet med tilsetting i ein innstegsstilling er å rekruttere ein kandidat til ein full fast stilling som professor. Fakultetet og instituttet vil bidra til utvikling av kompetanse innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon for den som blir tilsett. Alle tilsette ved Institutt for informatikk vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Instituttet planlegg å etablera eit Senter for Romkommunikasjon i nær framtid, og denne stillinga skal ta del i aktivitetane i dette senteret. Difor må kandidaten ha ein veldokumentert forskingsbakgrunn innafor informasjonssikkerheit, som er definert som trygging av informasjon og informasjonssystem mot uautorisert tilgang, bruk, avsløring, forstyrring, endring eller øydelegging for å garantere konfidensialitet, integritet og tilgjengelegheit.

Førsteamanuensisen skal ta del i å ytterlegare styrke gruppa og delta i forsking og utdanning på linje med dei andre vitskapelege tilsette. Dette inkluderer undervising og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå samt rettleiing av minst ein ph.d. student for å oppnå kvalifikasjonane som krevst for å bli professor innan slutten av den seksårige tilsettingsperioden.

Meir detaljert blir det forventa at den som blir tilsett:

  • undervisar på lågare og høgare nivå innanfor informasjonssikkerheit og potensielt óg innanfor relaterte område,
  • rettleiar PhD-studentar og masterstudentar i informasjonssikkerheit,
  • forskar innanfor informasjonssikkerheit, inkludert i praktiske aspekt av feltet,
  • bidreg til å utvikle gruppa for informasjonssikkerheit til å bli leiande innan forsking og utdanning,
  • bidreg til og tar ei leiarrolle i søknader om ekstern finansiering av forsking,
  • bidreg til formidling,
  • utviklar eit omfattande internasjonalt samarbeidsnettverk, samt eit strategisk viktig nasjonalt nettverk innan datasikkerheit,
  • publiserer vitskaplege resultat i høgt profilerte konferansar og tidsskrift, og
  • deltek i arbeidet med å etablera Senter for Romkommunikasjon med andre nasjonale samarbeidspartnarar innan feltet, som NSM og Simula UiB.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Den som skal tilsetjast har ein norsk ph.d.-grad, eller ein tilsvarande grad, i informasjonssikkerheit eller relatert felt oppnådd ein gong dei siste 5 åra (kan utvidast p.g.a. permisjon i samband med fødsel eller adopsjon).
  • Ein dokumentert forskingsbakgrunn innan informasjonssikkerheit er eit krav, og erfaring innan praktiske aspekt, er ein fordel.
  • Kunnskap om informasjonsteori, kodingsteori og kommunikasjonsteknologi er ein fordel.
  • Erfaring frå undervisning og/eller rettleiing i informasjonssikkerheit er ei fordel.
  • Vitskaplege resultat, inkludert publikasjonar og aktivitet innan utdanning og formidling, vil bli evaluert og verdsett.
  • Kandidaten må vere i stand til å arbeide uavhengig, og ha gode samarbeidsevner.
  • Kandidaten må vere stand til å bidra i forskingsgrupper, både som leiar og som deltakar.
  • Den som vert tilsett må taka del i eksternt finansierte aktivitetar. Dokumenterte evner til å verte tildelt eksternt finansierte forskingsprosjekt er ein fordel.
  • Kandidaten må ha glimrande evner i munnleg og skriftleg engelsk. 

Personlege og relasjonelle kvalitetar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg telje når søkjarane blir evaluerte.Søkjarar må ha doktorgrad innan relevant fagfelt eller tilsvarande kompetanse

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. For denne stillinga krev vi i tillegg at søkjarar kan sikkerheitsklareras for nivå HEMMELIG. Dette kan innebere avgrensingar knytt til statsborgarskap, i tråd med gjeldande regelverk om nasjonal tryggleik.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. 

Dette inneber dokumentasjon av:

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan 3 år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Om innstegsstillinga

Ordninga med tilsetjing i innstegsstilling skal bidra til å rekruttere dei beste kandidatane til professor i fast hovudstilling. Fakultet og institutt pliktar å leggje til rette for vidareutvikling av kompetansen til den som vert tilsett, innan undervisning, forsking, formidling og innovasjon.For at søkjarar skal verte vurdert kvalifiserte, kan det ikkje ha gått meir enn fem år sidan avlagt doktorgrad. Søkjaren kan få tillegg i tid for permisjon knytt til fødsel eller adopsjon.

  • Ei midtvegsevaluering skal utførast i starten av fjerde året.
  • Ei sluttevaluering skal utførast i starten av det sjette året.
  • Fast tilsetjing som professor avheng av ei tilfredsstillande sluttevaluering.
  • Den som blir tilsett vil utføre dei same arbeidsoppgåvene som eit fast medlem av fakultetet.
  • Ein ph.d.-stipendiat vil verte tildelt stillinga i løpet av andre året.
  • Den som blir tilsett skal ha erfarne faglege mentorer i første halvdel av perioden.

Den som vert tilsett, skal delta i forsking og undervisning på same måte som vår noverande akademiske stab. Dette omfattar undervisning og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå, og dessutan rettleiing av minst ein ph.d.-student for å oppnå dei påkravde kvalifikasjonane til professor ved utløpet av 6-årsperioden.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med ei årsløn på kr 720 100-796 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • CV,
  • vitnemål og attestar,
  • fullstendig publikasjonsliste,
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider),
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, med vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar,
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte, og
  • namn på tre referansar, der ein av dei normalt er hovudrettleiar for kandidatens doktorgrad og minst ein er kjend med korleis kandidaten fungerer som rettleiar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Søknader sendt på e-post vert ikkje handsama.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Øyvind Ytrehus, på telefon 41107855 eller e-post: oyvind.ytrehus@uib.no, eller 
  • Instituttleiar Inge Jonassen på telefon +47 55584713 eller e-post Inge.Jonassen@uib.no (eller professor Lilya Budaghyan på e-post lilya.budaghyan@uib.no).

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på telefon +47 55 58 47 70 eller e-post karoline.christiansen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Krav for å få fast tilsetjing som professor ved utløp av åremålsperioden

Arbeidsavtalen, saman med utlysingstekst og stillingsomtale, fastset resultata, krava og kriteria den tilsette skal oppfylle i løpet av åremålsperioden for å få fast tilsetjing som professor.I tillegg til krava som følgjer av Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger, skal følgjande krav vere oppfylte for å få fast tilsetjing:

a. Forsking:

  • Kunne vise til god framdrift i utvikling av eiga forskarkarriere
  • Evne til sjølvstendig forsking, tverrfagleg samarbeid og forskingsleiing
  • Dokumentert sampublisering med andre forskarar i høgt rangerte internasjonale tidsskrift
  • Dokumentere aktiv deltaking og innlegg på nasjonale og internasjonale forskingskonferansar
  • Ha rettleia minst ein ph.d.-kandidat fram til fullført doktorgrad
  • Ha godt omdøme som forskingsrettleiar 

b. Undervisning:

  • Ha deltatt i ordinær undervisning, rettleiing og eksamensavvikling
  • Ha oppnådd tilfredsstillande studentevaluering av eiga undervisning i løpet av åremålsperioden

c. Formidling:

  • Kunne vise til både profesjonsretta og allmennretta formidling av eiga forsking gjennom artiklar, foredrag, kronikkar og andre verkemiddel 

d. Akademisk leiing:

  • Ha deltatt aktivt i det akademiske utviklingsarbeidet på institutt-, fakultets- og universitetsnivå.
  • Kunne vise til gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og til deltaking i ulike forvaltingsorgan, sakkunnige nemnder, andre organ i sektoren og til samarbeid med andre relevante institusjonar
  • Kunne vise til oppdrag med fagfellevurdering av forskingspublikasjonar. 

e. Internasjonalt samarbeid:

  • Aktiv deltaking i internasjonalt samarbeid, gjennomføring av samarbeidsprosjekt og publikasjonar med internasjonalt medforfattarskap.

Krav til tilsette i innstegsstilling som førsteamanuensis

I løpet av åremålsperioden skal den tilsette kvalifisere seg til fast professorstilling. Innan fire år av åremålsperioden vil det verte gjennomført ei midtvegsevaluering der den tilsette skal vurderast i høve til progresjon i stillinga ut frå krav om professorkompetanse. Evalueringa skal gjennomførast med utgangspunkt i arbeidsavtalen, og skal rettleie den tilsette i høve til kva oppgåver som skal prioriterast i resten av åremålsperioden for å oppfylle krava om fast tilsetjing som professor.

Den tilsette vil også få ei sluttevaluering før utløp av åremålsperioden i høve til om krava som var fastsett i arbeidsavtalen, er innfridd. Innan 12 månader før åremålet tek slutt skal fakultetsstyret ha oppnemnd ei sakkunnig nemnd og fastsett fristar for innlevering av arbeid frå den tilsette og nemnda. Den tilsette skal ha beskjed om fristar og sakkunnig nemnd så snart dette er vedteke.Kandidaten skal informerast om utfallet av sluttevalueringa seinast seks månader før utgongen av åremålet. Kandidaten kan komma med merknader til evalueringa og det kan givast tilleggsfråsegn til dei delane av evalueringa.

Med utgangspunkt i sluttevalueringa avgjer fakultetsstyret om kandidaten skal få fast tilsetjing i stilling som professor.For å få fast tilsetjing som professor ved Institutt for informatikk (jamfør forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, § 2) etter avslutta åremålsperiode, skal kandidaten gjennom ei sluttevaluering ha oppnådd gjeldande krav til professorkompetanse som skal godkjennast av fakultetsstyret ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.

Den vanlege ordninga med å søkje personleg opprykk etter kompetanse gjeld ikkje for perioden vedkommande er åremålstilsett på innstegsvilkår.Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervising, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS