Førsteamanuensis innen eksperimentell nanoteknologi
Søknadsfrist: 17.03.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis innan eksperimentell nanoteknologi
Om instituttetInstitutt for fysikk og teknologi driv forsking og utdanning som spenner frå basal grunnforsking på dei minste byggesteinane i universet til teknologi og innovasjon for å bidra til å løyse utfordringar verda står framfor i dag innanfor til dømes helse og energi. Instituttet har store forskingsgrupper i romfysikk og i kjerne- og partikkelfysikk, og har sterke fagmiljø til dømes i elektronikk og målevitskap, nanofysikk, medisinsk fysikk, energi, akustikk og optikk. Forskinga er i stor grad eksternfinansiert, blant anna er vi vertskap for Senter for Forskningsdrevet Innovasjon «Smart Ocean». Instituttet speler også ei sentral rolle i UiB sine siv.ing.-program i havteknologi, medisinsk teknologi og energiteknologi. Til hausten startar også det nye siv.ing.-program i kvanteteknologi som instituttet har ansvar for i samarbeid med institutt for informatikk.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Den faste førsteamanuensisstillinga skal vere knytt til forskingsgruppa for Nanofysikk. Nanofysikkgruppa er ei eksperimentell forskingsgruppe som arbeider med eit breitt spekter av tema innan feltet – frå overflatefysikk, nanofabrikasjon, energihausting til materialvitskap, kvantesensing og nanobioteknologi.
Forskingsfeltet for denne stillinga er diamantsyntese og bruk av diamant mellom anna i nanobioteknologi. Vi søkjer ein framifrå forskar med spesialisering i utvikling av lågtemperaturmetodar for diamantsyntese og bruk av skreddarsydde diamantbelegg.
Kandidaten bør ha brei erfaring med å utvikle eksperimentelle system for overflatebølgeplasma kjemisk dampdeponering (eng.: surface wave plasma chemical vapor deposition), og dessutan erfaring med in vitro biokompatibilitetsstudiar av diamant og diamantbelegg. Vi forventar at den som vert tilsett utviklar og underviser i kurs i nano- og kvantesensorteknologi, i tillegg til generelle fysikk-kurs ved instituttet. Kandidaten er òg forventa å vere aktivt involvert i rekruttering og rettleiing av PhD- og masterstudentar. Den som vert tilsett er forventa å initiere og sende inn søknader om finansiering til norske og europeiske forskingsråd.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan fysikk.
Erfaring med å utvikle system for overflatebølgeplasma kjemisk dampdeponering (surface wave plasma CVD) for diamantsyntese er eit krav.
Det er eit krav at kandidaten har ein forskingsprofil på eit høgt internasjonalt nivå og har etablert eit sterkt internasjonalt nettverk.
Erfaring med biokompatibilitetsstudiar av diamantbelegg er ein fordel.
Erfaring med kvantesensingteknologiar er ein fordel.
Erfaring frå undervisning (BSc- og MSc-nivå) og studentrettleiing (BSc-, MSc- og PhD-nivå) er ein fordel.
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og ha sterke samarbeidsevner.
Søkjarar må kunne bidra i forskingsgrupper, både som leiar og som deltakar.
Den vellukka kandidaten er forventa å bidra til eksternt finansierte forskingsaktivitetar og bør dokumentere evne til å skaffe ekstern forskingsfinansiering.
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Krav til utdanningsfagleg kompetanseTil stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber dokumentasjon av:
fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program).
grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.
Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.
Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
Stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 757 600,- til kr. 895 500,-. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider).
utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor).
liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte.
namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg instituttleiar Kjetil Ullaland Tlf.: +47 55 582871, e-post: kjetil.ullaland@uib.no, Institutt for fysikk og teknologi.
For spørsmål knytte til HR (personalsaker), kontakt Vivian Stegen Jacobsen, e-post: vivian.jacobsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.