LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis innan romfysikk

Søknadsfrist: 14.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis innan romfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan romfysikk.

Om instituttetInstitutt for fysikk og teknologi driv forsking og utdanning som spenner frå basal grunnforsking på dei minste byggesteinane i universet til teknologi og innovasjon for å bidra til å løyse utfordringar verda står framfor i dag innanfor til dømes helse og energi. Instituttet har store forskingsgrupper i romfysikk og i kjerne- og partikkelfysikk, og har sterke fagmiljø til dømes i elektronikk og målevitskap, nanofysikk, medisinsk fysikk, energi, akustikk og optikk. Forskinga er i stor grad eksternfinansiert, blant anna er vi vertskap for Senter for Forskningsdrevet Innovasjon «Smart Ocean». Instituttet speler også ei sentral rolle i UiB sine siv.ing.-program i havteknologi, medisinsk teknologi og energiteknologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Alle tilsette ved instituttet er forventa å bidra til forsking og undervising av høg standard. Forskingsfeltet til denne stillinga er dynamisk kopling mellom magnetosfære, ionosfære og termosfære, og stillinga er plassert i romfysikkgruppa ved Institutt for fysikk og teknologi.

For denne stillinga søkjer vi ein framifrå forskar med spesialisering innan romfysikk, med fokus på dynamikk i ionosfæren og magnetosfæren, helst knytt til geomagnetisk aktivitet og nordlysfenomen. Kandidaten bør ha solid erfaring i bruk av bakke- og satellittdata og i utvikling av programvareverktøy til å analysere slike data. Vi forventar at den som blir tilsett utviklar, og underviser i, emne innan romfysikk, og i tillegg generelle fysikkemne ved instituttet. Kandidaten er også forventa å vere aktivt involvert i rekruttering og rettleiing av doktorgrads- og masterstudentar. Den som blir tilsett, er forventa å initiere og å sende inn søknader om finansiering til dei norske og europeiske forskingsråda.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kvalifikasjonar innan fysikk.
  • Søkjarar må ha spesialisterfaring i romfysikk, med særleg fokus på dynamikken i ionosfæren og magnetosfæren, i tillegg til erfaring i å analysere fenomen som følgje av jordas vekselverknad med solaktivitet.
  • Erfaring som leiar for eit forskingsteam er eit krav, men søkjarar må kunne bidra både som leiar og deltakar.
  • Erfaring som rettleiar for master- og doktorgradsstudentar er eit krav.
  • Søkjaren bør ha ein omfattande publiseringshistorikk, inkludert i høgt rangerte vitskaplege tidsskrift.
  • Søkjaren bør ha omfattande erfaring med utvikling av vitskapleg programvare, med vekt på bruksområde innan forsking og til støtte for satellittprosjekt.
  • Søkjarar må dokumentere ein vellykka historikk i å skaffe seg ekstern forskingsfinansiering dei siste åra.
  • Søkjarar bør ha vist evne til å etablere samarbeid med forskingsgrupper nasjonalt og/eller internasjonalt.
  • Søkjarar må både vere i stand til å arbeide sjølvstendig og ha sterke samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar, som gode sosiale ferdigheiter for å bidra til eit inkluderande akademisk miljø, vil bli vektlagt. Forskingserfaring, ambisjonar og potensiale vil også bli vurdert ved evaluering av kandidatane.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Grunna behov for undervising på bachelornivå er det ein fordel om søkjaren kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk frå tilsettingstidspunktet.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. 

Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tiltreding. Det vil bli lagt til rette for gjennomføring av norskkurs.

Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som førsteamanuensis (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr. 708 000,- til kr. 777 900,- (svarar til lønssteg 71–76). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Kjetil Ullaland, Institutt for fysikk og teknologi, kjetil.ullaland@uib.no / tlf. 55 58 28 71

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Thea Thingnes epost: thea.thingnes@uib.no / tlf. 55 58 20 63

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS