Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis II i religionsdidaktikk
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv – «bistilling») som førsteamanuensis II i religionsdidaktikk ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Ønskja oppstartsdato for stillinga er 01.08.2025, eller så snart som mogleg etter dette.
Eit krav for tilsetjing i bistilling er at ein har ei hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen.
Religionsvitskap ved AHKR
Religionsvitskap ved Universitetet i Bergen er eit sekulært og forskingsintensivt fagmiljø med ekspertise på ei lang rekke religiøse tradisjonar frå ulike delar av verda i fortid og notid. Vi forskar på eit breitt utval tema ved hjelp av forskjellige typar kjeldemateriale, metodar og teoretiske perspektiv. Ved AHKR blir det utøvd religionsvitskapleg forsking, samstundes som instituttet gjev undervising i religionsvitskap for studentar på lågare grad (bachelor), høgare grad (master), lektorprogram (inkludert master) og på doktorgradsnivå (ph.d.). Det er for tida 9 faste vitskaplege stillingar i religionsvitskap ved AHKR.
Arbeidsoppgåver:
Undervising og rettleiing i religionsvitskap og religionsdidaktikk.
Deltaking i lektorutdanninga (praksisbesøk).
Andre fagleg-administrative oppgåver.
Deltaking i den kontinuerlege utviklinga av undervisingsmiljøet.
Undervisingsspråket er norsk.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper:
Forskingskompetanse innan religionsvitskap tilsvarande norsk doktorgrad er eit krav. Forskingskompetanse i religionsdidaktikk er ein føremon.
Søkjarar må kunne undervisa og rettleia i religionsdidaktikk og religionsvitskap.
Erfaring frå lærar/lektorutdanning er ein føremon.
Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 er eit krav.
Pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir tillagt vekt.
Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, formidlingsevner og entusiasme for arbeidet blir tillagt vekt.
Vi tilbyr:
Brutto årsløn på 745 000,- til 785 000,- i full stilling (kode 1011). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn.
Det er forventa at den tilsette hovudsakleg utfører sitt arbeid på campus ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.
Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre (3) eksemplar til: Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.
Aktuelle kandidatar vil bli inviterte til intervju og eventuelt prøveforelesing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar, professor Teemu Ryymin, per e-post teemu.ryymin@uib.no eller tlf. 55 58 38 79, eller
Undervisningskoordinator, førsteamanuensis Christian Sæle, per epost Christian.Sele@uib.no eller tlf. 55 58 26 25
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.