LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis II i anvendt maskinlæring

Søknadsfrist: 12.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis II i anvendt maskinlæring

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som førsteamanuensis II (20 %) innan maskinlæring. Stillinga skal styrke instituttet sin kompetanse innan undervising, rettleiing og forsking i maskinlæring, spesielt i dyplæring. Stillinga har ein åremålsperiode på 3 år.

Om instituttet

Institutt for Informatikk (II) er med sine rundt 150 tilsette og meir enn 900 studentar et middels stort institutt med 8 forskingsgrupper innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon, visualisering ogfagdidaktikk. II driver grunnleggande og framifrå forsking innan informatikk og bidrar til å løyse dei store globale utfordringane. II tilbyr integrert 5-årig sivilingeniør, bachelor- og masterprogram i informatikk.

Arbeidsoppgåver

I stillinga vil det inngå undervising av eit emne per år. Aktuelle fag for undervising vil i stor grad være kurs innanfor dyplæring, men også andre emnar kan være aktuelle. I stillinga vil det også inngå rettleiing på masternivå, eventuelt også på ph.d.- og postdoktornivå. Den som vert tilsett vil også delta i vidareutvikling og modernisering av studieprogrammane og etablering av nye forskingsprosjekt innan maskinlæring og andre relevante fagområde. Instituttet vil også kunne nytte vedkommande til andre arbeidsoppgåver relatert til fagområdet slik som internsensor ved mastereksamenar og komitéarbeid for vidareutvikling av fagområde og undervising.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse i maskinlæring.
  • Dokumentert forskingserfaring innan bruk av maskinlæringsmetodar er eit krav.
  • Dokumentert undervisningserfaring innan maskinlæring er eit krav.
  • Rettleiingserfaring på master- og doktorgradsnivå er er ein fordel.
  • Det blir lagt vekt på høg pedagogisk kompetanse og god evne til samarbeid.
  • Søkjarar må ha gode engelsk- og norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Vi kan tilby

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • 20 % stilling som førsteamanuensis II (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr.750 000 til kr. 860 000,- (i 100 % stilling). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på to referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Instituttleiar Inge Jonassen på inge.jonassen@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no; +47 55 58 47 70.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Karoline Skudal Christiansen (HR-rådgiver), 55 58 47 70, karoline.christiansen@uib.no
Powered by Labrador CMS