LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis II (20%) i utøvande musikk, cembalo ved Griegakademiet - Institutt for musikk

Søknadsfrist: 11.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Griegakademiet - Institutt for musikk er det ledig ei bistilling for 4 år, som førsteamanuensis II (20%) i utøvande musikk, cembalo. Tilsetjing er ønska frå 01.08.2024

Arbeidsoppgåver:

Til stillinga ligg undervisningsoppgåver knytt til studieretninga klassisk innanfor studieprogramma BA og MA i utøvande musikk eller komposisjon, samt eventuelt ph.d. rettleiing. Fagmiljøet ynskjer å knyte til seg ein fagperson med fordjuping og breidde innan tidleg musikk, og som kan bidra med kunnskap om kunstnarleg utviklingsarbeid relevant for fagområdet. Tilleggskompetanse innan andre historiske tasteinstrument (klavikord eller fortepiano) og/eller historisk improvisasjon er ynskjeleg.

Den som vert tilsett vil kunne få ansvar for studentar med hovuddisiplin cembalo, akkompagnement/basso continuo på cembalo, samt undervisningsoppgåver knytt til tidleg musikk, kontrapunkt og generalbass, og prosjektrettleiing for masterstudentar. Den som vert tilsett vil òg få hovudansvar for ivaretaking av våre cembalo. Andre undervisningsoppgåver kan òg verte aktuelt.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Ph.d.-grad i kunstnarleg utviklingsarbeid innan fagområdet, eller dokumentert kompetanse som førsteamanuensis innan fagområdet.
  • Dokumentert kunstnarleg arbeid eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå som cembalist.
  • Dokumentert utdanningsfagleg kompetanse, sjå Reglar for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB.
  • Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil måtte halde prøveundervisning for stab og studentar ved instituttet.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Ein utvikla praksis innan fagområdet.
  • Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Det er sterkt ynskjeleg at den som vert tilsett kan tilby kontinuerleg undervisning på campus i Bergen.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan tre år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr. 708 000 – 759 100 brutto i året i 100% stilling). Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Sakkunnig vurdering som dokumenterer kompetanse som førsteamanuensis.
  • CV med oversikt over kunstnarleg produksjon
  • Vitnemål
  • Attestar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Instituttleiar Randi Rolvsjord, mob. +47 97514878,e-post: randi.rolvsjord@uib.no

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR-rådgjevar Åslaug Styve Mjånes, e-post: aslaug.mjanes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS