Førsteamanuensis II (20%) i interiørarkitektur ved Institutt for design
Søknadsfrist: 02.12.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis
Ved Institutt for designer det ledig ei åremålsstilling/ekstraerverv for 4 år, som førsteamanuensis (20%) i interiørarkitektur. Tilsetjing er ønska så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer ein førsteamanuensis II til undervisning i interiørarkitektur, med fokus på transformasjon og ombruk. Å transformere og bruke om igjen eksisterande bygningar, materialar og rom blir stadig viktigare, og dette krev at vi utviklar eit meir medvite forhold til bruk og gjenbruk av ressursar. Ved Institutt for design ønskjer vi å tilpasse undervisinga til desse realitetane og gi studentane relevant kompetanse innan ombruk og transformasjon, samt bevaring og fornying av eldre bygningsmasse.Vi søkjer ein erfaren kandidat som kan tilføre profesjonell innsikt og fagleg tyngd til fagfeltet.
Arbeidsoppgåver
Undervisning, rettleiingog eksamensarbeid
Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
Hovudrettleiar for BA-, MA- og ph.d.-studentar
Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkl. opptaksarbeid
Formidling
Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Til stilling som førsteamanuensis II vert det kravd doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid innan interiørarkitektur, eller dokumentert kompetanse som førsteamanuensis innan fagområdet.
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd universitetspedagogisk basiskompetanse, som skal dokumenterast på grunnlag av eigen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning (200 timar eller tilsvarande). Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her. Kravet om dokumentert utdanningsfagleg kompetanse kan i særlege tilfelle fråvikast.
Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for stab og studentar ved instituttet.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:
Dokumentert erfaring og kompetanse med større prosjekt innan interiørarkitektur.
Erfaring med prosjekter innan ombruk, transformasjon og berekraftige strategiar.
Kjennskap og erfaring med sertifiseringssystem for berekraftig bygging er ønskeleg.
Evne til å kople teori og praksis, med innsikt i historiske, kulturelle og etiske rammeverk for ombruk.
Ein utvikla praksis innan fagområdet.
Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
Organisatoriske evner og erfaring.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
Arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsbevisst, fleksibel og imøtekommande.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr. 757 600– 798 000 brutto i året i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Søknadsbrev der søkaren gjer greie for si motivasjon for å søkje stillinga, og korleis eigne kvalifikasjonar og erfaringar er relevante for dei oppgåvene og krava som ligg til stillinga.
Dokumentasjon på kompetanse som førsteamanuensis
CV
Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.
Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fungerande instituttleiar Gustav Kvaal, e-post: gustav.kvaal@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.