LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis II (10%) i undervisningsutvikling

Søknadsfrist: 12.03.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis II (10 %) i undervisningsutvikling

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som førsteamanuensis II (10 %) innan undervisningsutvikling i informatikk. Stillinga skal styrke faggruppa for informatikkdidaktikk i tillegg til å være en strategisk ressurs i undervisningsutvikling for heile Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT). Stillinga har ein åremålsperiode på 2 år.

Om instituttet

Institutt for Informatikk (II) er med sine rundt 150 tilsette og meir enn 900 studentar eit middels stort institutt med 8 forskingsgrupper innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon, visualisering ogfagdidaktikk. II driver grunnleggande og framifrå forsking innan informatikk og bidrar til å løse de store globale utfordringene. II tilbyr integrert 5-årig sivilingeniør, bachelor- og masterprogram i informatikk.

Arbeidsoppgåver

Denne førsteamanuensis II stillinga skal bygge eit strategisk samarbeid mellom Institutt for informatikk og andre einingar ved Fakultet for naturvitskap og teknologi og Universitetet i Bergen innan pedagogikk (til dømes STEM Education Research Center). Den rette personen kan styrke samhandling innan undervisningsutvikling og pedagogikk. Arbeidsoppgåver vil spenne frå å undervise og utvikle emne, halde kurs, seminar og workshops for undervisarar, og bidra i utvikling av fagdidaktikkgruppa ved Institutt for informatikk.

Ein sentral føresetnad for stillinga er at arbeidet skal gjerast ved Universitetet i Bergen, og ikkje som fjernarbeid. Vi treng ein førsteamanuensis II som er fysisk til stades både for å utvikle relasjonar og samarbeid internt, men òg for å gi fysisk undervisning. Undervisninga skal gis på norsk eller eit skandinavisk språk. Innehavaren av stillinga må kunne lese styringsdokument, regelverk, emneskildringar mm. på norsk. Eit viktig premiss for ein slik førsteamanuensis II stilling er at vedkommande har ei hovudstilling som førsteamanuensis eller tilsvarande ved eit anna nordisk universitet eller høgskule for å forstå konteksten undervisarane ved UiB arbeidar i.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse i informatikk, og ha ei hovudstilling som førsteamanuensis eller tilsvarande ved eit anna nordisk universitet eller høgskule.
  • Dokumentert erfaring frå å støtte undervisarar i si pedagogiske utvikling er eit krav.
  • Forskingserfaring frå undervisningsutvikling er eit krav.
  • Pedagogiske publikasjonar er eit krav.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode kunnskapar i eit skandinavisk språk.
  • Det blir lagt vekt på høg pedagogisk kompetanse og god evne til samarbeid.
  • Merittering som Framifrå undervisar er ein fordel.
  • Tverrfagleg erfaring innan realfag er ein fordel.
  • Erfaring med utvikling og leiing av miljø for undervisningsutvikling er ein fordel

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. 

Dette inneber dokumentasjon av 

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing 

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.Universitetet i Bergen legg vekt på utdanningsfagleg kompetanse i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førsteamanuensis II (kode 1011 i hovudtariffavtalane i staten) og brutto årsløn frå kr.740 000 til kr. 850 000,- (for ei 100 % stilling). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste
  • resultata i søkjaren si forsking
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på to referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Førsteamanuensis David Grellscheid, Institutt for informatikk, e-post: david.grellscheid@uib.no eller til 
  • Førsteamanuensis Crystal Chang Din e-post: crystal.din@uib.no 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen på karoline.christiansen@uib.no; +47 55 58 47 70.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Karoline Skudal Christiansen (HR adviser), +4755584770, karoline.christiansen@uib.no
Powered by Labrador CMS