Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis
Ved Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i sosiologi. Det er et krav at den som søker stillinga har kompetanse innan kvalitativ metode.
Sosiologisk institutt er ein del av det samfunnsvitskaplege miljøet ved Universitetet i Bergen, og samarbeider med andre sosiologimiljø nasjonalt og internasjonalt. Forskinga ved instituttet har ein brei fagleg profil konsentrert om tre område: Velferd, ulikskap og livsløp (VUL), Sosiale bevegelsar, miljø og migrasjon (SMEM) og Arbeid, klasse og utdanning (AKU). Instituttet har eit årsstudium, bachelorprogram og masterprogram i sosiologi, og eit integrert lektorprogram med master i sosiologi.
Den som får stillinga er forventa å delta i forskinga og undervisninga ved instituttet og arbeidet med å styrke eksternt finansiert forsking. Det er ynskjeleg at den som vert tilsett bidrar til å utvikle eit eller fleire av instituttet sine profilområde og interessefelt, og har ein positiv haldning til å ta på seg administrative oppgåver ved instituttet.
Arbeidsoppgåver:
Ansvar for undervisning og forsking i sosiologi
Ansvar for å forske innan eige fagfelt og forskingsinteresse
Deltaking i vidare utvikling av det akademiske feltet og undervisning
Deltaking i instituttets strategiske arbeid
Ansvar for administrative oppgåver
Rettleiing av bachelor-, master og doktorgradkandidatar
Eksamensarbeid på alle nivå
Ansvar for å søkje eksterne forskingsmidlar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha doktorgrad i sosiologi.
Søkjarar må ha erfaring med og kompetanse innan kvalitativ metode, og kunne undervise kvalitativ metode både på høgare og lågare grads nivå ved Sosiologisk institutt.
Det er ynskjeleg at søkjarane har synt evne til å publisere forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan sosiologi. Ved vurdering av det vitskaplege arbeidet, vil forskinga frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt. Kvaliteten i publikasjonane er et viktigare kriterium enn tal på publikasjonar.
Søkjaren må vera villig og i stand til å undervise obligatoriske emne i sosiologi på både bachelor og masternivå, og å delta i planlegging og gjennomføring av undervisning, rettleiing og eksamensarbeid.
Det er ynskjeleg at den som vert tilsett bidrar til å utvikle eit eller fleire av instituttet sine profilområde og interessefelt.
Gode engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Den som blir tilsett må kunne undervise sosiologi både på høgare - og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk innan tre år etter tilsetjing. Allereie eksisterande norskkunnskapar er ein fordel.
Vi vil leggje vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga og har gode samarbeidseigenskapar.
Arbeidsstaden for stillinga er Bergen, og arbeidet føreset at ein i kvardagen er fysisk til stades ved Sosiologisk institutt.
Utdanningsfagleg kompetanse
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år etter oppstart i stillinga.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervisingspraksis i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg motiverande arbeidsmiljø.
Årsløn som førsteamanuensis, stillingskode 1011, mellom kr. 757 600 - 797 000 ved tilsetjing. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover
CV
Opptil 5 vitskapelege arbeid frå de siste fem åra med opplysningar om kvar dei er publisert.
Fullstendig publikasjonsliste
Medforfattarerklæringar der kor det er naudsynt for å klargjere egent bidrag
Undervisningsportefølje. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervisning og rettleiing. Vennlegast fyll ut dette skjemaet og legg ved søknaden. Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisningsmateriell, evalueringsrapportar og eventuelle mottekne undervisningsprisar.
Kopi av vitnemål og attestar
Kontaktinformasjon til to referansar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Søknadar som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.
Søknadsfrist: Fredag 27. februar 2026.
Søknaden skal merkast: 26/706.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Katharina Sass, katharina.sass@uib.no.
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.