LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i sosialpsykologi

Søknadsfrist: 09.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei fast 100% stilling som førsteamanuensis i sosialpsykologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Stillinga er knytt til profesjonsstudiet i psykologi og andre studieprogram og emne der sosialpsykologi inngår.

Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Emneansvar, undervising, rettleiing og sensur i sosialpsykologi på profesjonsstudiet i psykologi og på master- og bachelornivå der sosialpsykologi inngår.
  • Rettleiing av bachelorstudentar, masterstudentar, profesjonsstudentar og doktorgradskandidatar i psykologi.
  • Utover dette kan stillinga innebere sensur og undervisning på andre studieprogram ved instituttet.
  • Det vert forventa at den tilsette bidreg til forskingsfronten innan sosialpsykologi gjennom aktiv deltaking i ei av instituttet sine forskingsgrupper.
  • Initiere og ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering.
  • Samarbeide tett med kollegaer innan fagfeltet og andre ved instituttet.
  • Ta del i administrative oppgåver, møter og komitéarbeid på lik linje med andre tilsette ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • For å vere kvalifisert til stillinga som førsteamanuensis må søkjar ha oppnådd ph.d./doktorgrad innanfor fagområdet psykologi på søknadstidspunktet.
  • Søkjar må kunne dokumentere undervisings- og forskingserfaring innan sosialpsykologi eller område med høg relevans for sosialpsykologi.
  • Det vil vere ein fordel med kompetanse innan eit eller fleire av desse tema: mangfaldshandtering, sosial identitet, gruppeprosessar, sosial kognisjon/persepsjon samt vitskapsteoretiske og kritiske perspektiv i faget.
  • Søkjar sitt potensiale for forsking, motivasjon og personlege eigenskapar vil verte vektlagd.
  • Han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå «Regler for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB». Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
  • Det er eit ynske at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk frå start, med eit krav om å beherske dette innan to år etter tilsetting.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 68 - 74 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 618 600 - 694 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin bakgrunn og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Namn på to referansar med kontaktinformasjon
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde (maksimalt 10)
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden, jamfør siste kulepunkt.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS