Førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi
Søknadsfrist: 07.04.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi ved Universitetet i Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi
Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi, inkludert vikingtid, og med undervisningskompetanse innan digital arkeologi. Oppstartsdato for stillinga er 01.05.2026, eller så snart som mogleg etter dette.
Arkeologi ved AHKR
Arkeologi ved AHKR har sju faste vitskapelege stillingar. Me har ei global utsyn, men fokuset vårt er på den europeiske fortida, frå Middelhavet til Skandinavia. Undervisinga spenner over alle periodar frå steinalder til moderne tid, og er ofte organisert i tematiske emne, som dekkjer for eksempel kjønn, sosial ulikskap, samhandling mellom menneske og miljø, teknologi og migrasjon, og med fokus på ulike metodar og kjelder, som til dømes bergkunst, busettinga, graver eller zooarkeologi og rekonstruksjonar av landskap. Jernalderen, og særleg yngre jernalder, er ein nøkkelperiode i Norden med store sosiale og religiøse endringar, og perioden speler ei stor rolle i undervisningsprogramma våre.
Ved AHKR blir forsking i arkeologi utført i kombinasjon med undervisning på lågare grad (bachelor), høgare grad (master) og på doktorgradsnivå (ph.d.).
Arbeidsoppgåver
Til stillinga som førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi ligg det forsking, rettleiing, undervisning, formidling og administrasjon. Søkjarane må kunne undervise og rettleie på alle nivå innan nordisk yngre jernalderarkeologi, og minst eitt aspekt av digital arkeologi (t.d. GIS, statistikkprogramvare, AI-applikasjonar, 3D-fotogrammetri og databasedesign).
Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Instituttet legg til grunn at den som vert tilsett, tek del i den kontinuerlege utviklinga av forskingsmiljøet. Det er forventa at den som vert tilsett tar ei aktiv rolle innan prosjektutvikling, formidling og søking av eksterne midlar.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Søkjarar må ha forskingskompetanse innan nordisk yngre jernalderarkeologi, tilsvarande norsk doktorgrad.
Søkjarar må kunne undervisa og rettleia i a) nordisk og norsk yngre jernalder, og b) digitale metodar i arkeologi.
I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt. Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging og undervising vil og vektleggast.
Til stillinga som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.
Vi tilbyr
Brutto årsløn på 745 000,- til 785 000,- før skatt (kode 1011). Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. Frå løna vert det trekt to prosent som obligatorisk innbetaling for medlemskap i Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Attraktive forskingsmoglegheiter, inkludert om lag 46 prosent forskingstid i stillinga.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor.
Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via lenke på denne sida «SØK STILLINGA».
Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev.
CV.
Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.
Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).
Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd.
Publikasjonsliste (som vedlegg).
Inntil 5 vitskaplege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar) som det skal takast omsyn til i vurderinga.
Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre (3) eksemplar til: Universitetet i Bergen, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.
Søkjarar kan finne ei rettleiing for korleis du søkjer stillinga her.
NB: Vi gjer oppmerksam på at søknadenevert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar, professor Teemu Ryymin, per e-post teemu.ryymin@uib.no eller tlf. 55 58 38 79, eller
Fagkoordinator for arkeologi, professor Visa Immonen, per epost visa.immonen@uib.no eller tlf. 55 58 23 10
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Meir informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.