Førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk med særleg ansvar for litteraturdidaktikk
Søknadsfrist: 01.02.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk med særleg ansvar for litteraturdidaktikk
Velkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE), med oppstart 1. august 2025 eller etter avtale.
Om Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)
LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 7 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen. Instituttet er óg stolt vertskap for eit senter for framifrå forsking, Senter for digitale forteljingar, og for tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida to innanfor faget nordisk fagdidaktikk. I tillegg er det to stipendiatar i disiplinen.
Arbeidsoppgåver:
Til stillinga som førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk ligg det forsking, rettleiiing, undervising, formidling og administrasjon. Det blir kravd at den som får stillinga kan undervise og rettleie innanfor fagets emneportefølje i lektorutdanninga (5LU), i den praktisk-pedagogiske utdanninga (PPU) og i programmet for erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i norsk (NORMAU). Ein legg til grunn at den som blir tilsett kan utvikle undervisningsopplegg i alle fagdidaktiske emne som inngår i den nordiskfaglege lektorutdanninga. Den som blir tilsett kan også få andre undervisnings- og rettleiingsoppgåver som er relevant i høve til gjeldande kompetanse og forskingsprofil. Dette gjeld også emne knytt til etter- og vidareutdanning, dessutan både kampusbasert og digital undervisning.
Den som vert tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program der nordisk fagdidaktikk inngår. Dette gjeld også rettleiing og vurdering av studentar som er i praksis.
Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver.
Det er forventa at den tilsette hovudsakleg utfører sitt arbeid på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i instituttet si daglege drift, og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
Stillinga sitt kjerneområde er innanfor nordisk fagdidaktikk, og søkjaren må derfor ha kompetanse i nordisk fagdidaktikk med litterær innretning. Kompetansegrunnlaget kan vere doktorgrad i nordisk fagdidaktikk med litterær innretning, doktorgrad i nordisk litteraturvitskap med fagdidaktisk relevans eller vitskapeleg arbeid av same omfang og kvalitet som doktorgrad og som gir dekkjande kompetanse for stillinga. Søkjarar som ikkje har doktorgrad i nordisk fagdidaktikk, må utdjupe i eit eige notat på kva vilkår deira forsking og anna kompetansegivande verksemd gir dei kompetanse i nordisk fagdidaktikk.
Pedagogisk basisutdanning i form av fullført praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande som gir undervisningskompetanse i norsk skule, er eit krav for tilsetjing i stillinga.
I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.
Det er ein fordel med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt.
Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt. Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging og undervising vil og vektleggast.
Til stillinga som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse i undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eiga praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må krava vere oppfylte innan to år.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eiga undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgare utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
Det humanistiske fakultetet har vald å satsa på digital humaniora i si strategi. Røynsle frå arbeid med digitale metodar er ein føremon.
Sidan fagdidaktikken tangerer alle delar av nordiskfaget, vil det vere ønskeleg med ei dokumentert brei fagleg orientering.
Undervisningspraksis frå skuleverket vil verte vektlagt i vurderinga av søkjarane.
Ein vil òg leggje vekt på om søkjarane har arbeidt med utvikling av læremiddel og har erfaring med lærarutdanning på høgskule- og universitetsnivå.
I vurderinga vil det telje positivt om søkjaren kan vise til systematisk arbeid med utvikling av undervisningskvalitet i skulen eller i høgare utdanning.
Den som blir tilsett må være godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.
Vi tilbyr:
Løn tilsvarande lønssteg 72-75 (kode 1011) i Statens lønsregulativ. Dette utgjer ei brutto årsløn på kroner 720.100-759.100 i full stilling før skatt. Vidare lønsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. Frå løna vert det trekt to prosent som obligatorisk innbetaling for medlemskap i Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Attraktive forskingsmoglegheiter, inkludert om lag 46 prosent forskingstid i stillinga.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet, og søknaden skal innehalde:
CV.
Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular.
Utdanningsfagleg mappe og refleksjonsnotat (meir informasjon her).
Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).
Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd.
Fullstendig publikasjonsliste (som vedlegg).
Inntil 5 vitskapelege arbeid (kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar). I tillegg kan det sendast inntil 5 populærvitskapelege og praksisretta arbeid t.d læremiddel.
Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar. Ein av desse bør vera noverande eller tidlegare overordna.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format. Søkjarar kan finne ei rettleiing for utforming av søknad her.
Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Vitskaplege arbeid som ikkje er tilgjengelege i elektronisk form, skal sendast i tre eksemplar til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Postboks 7805, 5020 Bergen.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju og prøveforelesing.
Vi gjer oppmerksam på at søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med professor Heming Helland Gujord, tlf. 55 58 24 39, e-post heming.gujord@uib.no eller instituttleiar Anders Fagerjord, tlf. 55 58 36 53, e-post anders.fagerjord@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.