LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i medisin (pediatri) 50% stilling

Søknadsfrist: 18.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i medisin

Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) i medisin (pediatri) ved Klinisk institutt 2.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet og skal knyttes til ei av de eksisterande forskingsgruppene ved instituttet, se www.uib.no/K2. Stillinga skal være knytt til ei 50-70% stilling som overlege ved Barne og ungdomsklinikken, Haukeland universitetssjukehus. 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til pediatri for legestudentar og klinisk ernæringsfysiologistudentar. Det må dokumenterast erfaring innan desse felta vedrørande klinisk arbeid og undervisning. Den som vert tilsett pliktar også å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og (td cand.med.) og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk og engelsk.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 708 000 – 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format 
  • Plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

    Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS