Førsteamanuensis i italiensk ved Institutt for fremmedspråk
Søknadsfrist: 15.08.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis i italiensk ved Institutt for framandspråk
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei fast stilling som førsteamanuensis i italiensk ved Institutt for framandspråk. Planlagd oppstart er 1. august 2027 eller etter avtale.
I stillinga får du ein unik sjanse til bidra til ny kunnskap på feltet og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
Om instituttet
Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Innanfor desse faga blir det forska på språk, litteratur, historie/samfunn og fagdidaktikk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, kring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette.
Faget har tilbod på alle nivå frå bachelorgrad til ph.d. Studietilbodet inkluderer og nettbasert vidareutdanning. Dei tilsette på faget er aktive forskarar med nettverk langt utover UiB og Noreg.
Arbeidsoppgåver
Forsking innan fagområda italiensk språk, kultur og/eller litteratur, med om lag 46 prosent forskingstid.
Undervising på eit breitt spekter av kurs på bachelor- og masternivå, inkludert meir spesialiserte og avanserte kurs, samt rettleiing på alle nivå, medrekna ph.d.
Fysisk undervisning, nettbasert undervisning og hybrid undervisning (som kombinerer nett- og campusundervisning).
Deltaking i vurdering av skriftlege og munnlege eksamenar.
Undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan eige kompetanseområde ved andre fag eller institutt ved Det humanistiske fakultet etter behov.
Delta i utviklinga av faget og kurstilbodet.
Ta del i formidling og utvikling av forskingsmiljøet.
Deltaking i nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid.
Prosjektutvikling og søking av eksterne midlar.
Andre fagleg-administrative oppgåver.
Kvalifikasjonar
Søkjaren må ha:
Forskingskompetanse i italiensk språk, kultur eller litteratur som svarar til norsk doktorgrad.
Erfaring frå undervising og rettleiing i italiensk på minimum bachelornivå, og kompetanse til å undervise på alle nivå.
Dokumentert forskingsaktivitet og publiserte forskingsresultat utover doktorgrad innan italiensk språk, kultur og/eller litteratur med særleg vekt på 1900-talet og samtidskultur, eller italienske kulturuttrykk i ein internasjonal kontekst. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet blir det lagt særleg vekt på forsking frå dei siste fem åra.
Det er ein føremon med:
Erfaring frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid.
Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar.
Dokumentert kompetanse innan prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og strategisk forskingsplanlegging.
Kompetanse innan omsetjingsdidaktikk, inkludert erfaring frå omsetjing mellom eit skandinavisk språk og italiensk.
Kompetanse innan digital didaktikk, inkludert erfaring frå nettbasert undervisning og hybrid-undervisning (dvs. kombinasjon av campus- og nettundervisning)
Instituttet ser etter ein kandidat som passar inn i forskings- og undervisningsprofilen på faget. Det blir lagt vekt på pågåande forsking og potensiale til å styrkje den faglege tyngda ved instituttet i åra framover.
Administrasjonsspråket er norsk, og det er eit krav at den tilsette kan norsk på B2-nivå innan tre år frå tilsetjinga. UiB tilbyr norskkurs for tilsette frå utlandet.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som har:
Gode samarbeidsevner.
Gode evner til å kommunisere og samhandle med både studentar og kollegaer.
God formidlingsevne og entusiasme for arbeidet.
Ønske om og evne til å skape eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Sjølvstende og fleksibilitet.
Vilje til å ta initiativ og ansvar.
Vurdering av søkjarane
Søkjarane vil bli vurderte og rangerte av ein sakkunnig komité. I rangeringa av kvalifiserte søkjarar blir heile breidda av kvalifikasjonar trekt inn og vurdert eksplisitt etter følgjande prioritert rekkjefølgje:
1. Vitskaplege kvalifikasjonar.
2. Utdanningsfaglege kvalifikasjonar.
3. Kvalifikasjonar innan områda formidling, administrasjon og leiing.
4. Andre kvalifikasjonar som er relevant for stillinga slik ho er skissert i denne utlysinga.
Aktuelle kandidatar blir inviterte til intervju og til å gje ei prøveforelesing.
Det skal gjerast ei avsluttande vurdering av dei samla kvalifikasjonane. Vurderinga skal sjåast i lys av det karrierestadiet søkjaren er på. Det blir lagt vekt på dei personlege eigenskapane til søkjaren og på at vedkomande er eigna for stillinga.
Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
Løn som førsteamanuensis (stillingskode 1011), som for tida svarar til ei brutto årsløn på 790 900,- til 830 900,- i full stilling. Vidare lønsopprykk etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdera høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, tilgang til uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Det er forventa at den tilsette hovudsakleg har arbeidsstaden sin på campus ved Universitetet i Bergen, deltek i den daglege drifta av instituttet og rettar seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Under «Søknadstekst» ønskjer vi at du skriv om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga.
Under «CV» vil vi ha opplysingar om:
Personalia.
Erfaringar og kvalifikasjonar, inkludert administrativ røynsle og andre relevante kvalifikasjonar. Publikasjonar/vitskaplege produksjonar kan leggjast ved som eit separat dokument (publikasjonsliste).
Språkferdigheiter.
Minst tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna.
Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument:
Vitnemål og karakterutskrifter som dokumenterer fullførte gradar (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.
Fullstendig liste over vitskaplege publikasjonar med lenker til fulltekst.
Inntil fem vitskaplege arbeid som det skal takast omsyn til i vurderinga. Arbeida kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar/kapittel. Dersom upubliserte arbeid blir lagde ved, må dette grunngjevast særskilt. Ved samforfattarskap må søkjaren gjere greie for kva bidraget hans/hennar er til publikasjonen.
Søknadstekst, CV, vitnemål, karakterutskrifter og utdanningsfagleg mappe må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vitskapelege arbeid som skal takast omsyn til i vurderinga kan leggjast ved på originalspråket. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Martin Paulsen på m.paulsen@uib.no eller tlf. 55 58 23 86 eller fagkoordinator Marco Gargiulo på marco.gargiulo@uib.no eller tlf. 55 58 23 47.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.