LEDIG STILLING VED NORD UNIVERSITET

Førsteamanuensis i intelligente informasjonssystem

Søknadsfrist: 27.04.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Førsteamanuensis

Institutt for Informasjons- og medievitskap ønskjer søknadar til ei fast førsteamanuensis-stilling i informasjonsvitskap med eit fokus på intelligente informasjonssystem.

Stillinga skal styrke instituttets undervisnings- og forskingskapasitet gjennom studiar av grunnlaget for, utvikling av og evaluering av informasjonssystem som nyttar kunstig intelligens. Forskingsfokuset vil vere på intelligente, data- og kunnskapsdrivne system (neuro-symbolske) og system med multimedia-informasjon.

Stillinga vil vere organisatorisk og akademisk knytt til forskingsgruppa for intelligente informasjonssystem (I2S) ved Institutt for Informasjons- og medievitskap, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Bergen. Den tilsette søkaren er venta å styrke og utvikle instituttets profil innan avansert bruk av kunstig intelligens i informasjonssystem. Relevante forskingsretningar inkluderer, men er ikkje avgrensa til:

  • Symbolske, kunnskapsbaserte og hybride (neuro-symbolske) kunstig intelligens-system
  • Kunnskapsgrafar, ontologiar, og semantiske informasjonssystem
  • Intelligente informasjonssystem for stor-skala data med nyheiter og andre media-data
  • Informasjonsprosessering for multimedia data, inkludert gjenfinning og verifikasjon
  • Tillitsverdige, forklarlege og robuste intelligente system
  • Opphavsanalyse, eigarskap, og autentisitet for digital informasjon

Stillinga skal òg bidra til instituttets aktivitetar i eksternt finansierte forskings- og innovasjonsinitiativ. Dette vil innebere samarbeid med partnarar frå næringsliv og offentlege organisasjonar. Vi oppfordrar òg til deltaking i tverrfaglege forskingsprosjekt som adresserer organisasjons- og samfunnsmessige utfordringar knytt til bruk av kunstig intelligens i informasjonssystem.

Ønskt forskings- og undervisningsprofil

Vi ønskjer ein internasjonalt anerkjend forskar med ein etablert forskingsprofil utover postdoktor-nivå innan anvend kunstig intelligens og med tydleg ekspertise i komputasjonelle metodar brukt for intelligent informasjonsprosessering. Den tilsette kandidaten skal vise evner og ambisjonar til å utvikle ein internasjonalt synleg forskingsagenda ved instituttet, med relevans for utforming, evaluering, forbetring av digitale teknologiar og informasjonssystem.

Den tilsette kandidaten er forventa å kunne bidra til grunnleggande undervisning i informasjonsvitskap på bachelor- og masternivå. Dette kan inkludere kurs i grunnleggande informasjonsvitskap, programmering, kunstig intelligens og maskinlæring. I tillegg er kandidaten forventa å kunne bidra til utvikling av undervisningstilbodet, inkludert anvendte, prosjekt-baserte og industri-relevante perspektiv, og bidra til kontinuitet i instituttets studieprogram.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Gjennomføre internasjonal forsking av høg kvalitet
  • Undervise på både bachelor- og masternivå i relevante program ved instituttet
  • Delta i vidareutvikling av fagfeltet og undervisninga
  • Delta i utvikling av instituttets strategiske vitskapspolitikk
  • Ta ansvar for administrative oppgåver
  • Rettleiing av bachelor-, master- og doktorgradskandidatar og eksaminere arbeid på alle nivå
  • Søkje om ekstern finansiering av forskingsprosjekt på nasjonalt og internasjonalt nivå

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Ph.d.-grad i informasjonsvitskap, informatikk, informasjonssystem, IKT eller et nært beslekta fagområde 
  • Dokumentert sterk forskingsbakgrunn innan anvendt AI med publikasjonar i fagrelevante, internasjonalt anerkjente fora på et nivå som forventast for en førsteamanuensisstilling 
  • Ein undervisningsportefølje som er i tråd med og utfyller instituttets undervisningsaktiviteter, inkludert dokumentert undervisningserfaring på universitetsnivå og/eller dokumentert pedagogisk kompetanse (eller påvist vilje til å fullføre UiBs pedagogiske opplæringskrav) 
  • Flytande engelsk (minimum B2) og evne til å undervise og rettleie studentar på engelsk (og etter kvart norsk etter 3 år)
  • Erfaring med å initiere, søke om og administrere ekstern forskingsfinansiering, helst på europeisk (EU) nivå
  • Erfaring med å delta i og leie industriorienterte forskings- og innovasjonsprosjekt, inkludert samarbeid om systemutvikling eller anvendte løysningar 
  • Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Samarbeidsegenskaper, planer for forskning og ambisjoner for egen undervisning tillegges vekt. 

Den som blir tilsett må kunne undervise både på høgare og lågare grads nivå ved instituttet. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast. Arbeidsstaden vil vere i Bergen ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Fjerntilsetjing er ikkje mogleg.

Utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå (sjå lenkje). Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.

 

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø 
  • Årsløn som førsteamanuensis, stillingskode 1011, mellom kr. 757 600 – 797 000 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode velferdsordningar
  • Bergen – ein velkomen og godt samankopla europeisk by med ei unik blanding av pulserande byliv og storslått natur

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev som synar motivasjon for å søkja på stillinga og gjer ei oppsummering av planlagt forskingsaktivitet framover 
  • CV
  • Inntil 5 vitskapelege arbeid med opplysningar om kvar dei er publisert. Forskinga frå dei siste fem åra vil bli tillagt særleg vekt. 
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Medforfattarerklæringar der det er naudsynt for å klargjere ditt bidrag
  • Undervisingsportefølje. Ei samla framstilling som synar din erfaring innan undervising og rettleiing. Vennligst fyll ut dette skjemaet og legg ved søknaden Legg gjerne ved pedagogiske publikasjonar, eigenutvikla undervisningsmateriell, evalueringsrapportar og eventuelle mottekne undervisningsprisar. 
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attester
  • Kontaktinformasjon til to referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge. Søknadar sendt på epost eller utan etterspurd dokumentasjon vert ikkje vurdert.

Søknadsfrist: 27.04.2026

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Bjørnar Tessem, bjornar.tessem@uib.no.

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til: HR rådgiver Christine Bresil, christine.bresil@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Det vises til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS