LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis i informatikk – programutviklingsteori

Søknadsfrist: 23.10.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis i informatikk – programutviklingsteori

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan informatikk - programutviklingsteori

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom sju etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Vi bygger i tillegg opp en gruppe innen informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 1000 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vere ved forskingsgruppa programutviklingsteori (PUT). PUT-gruppas forsking går både i rent teoretisk retning, samt i retning av å anvende teori innan programvareutvikling. Vi er interessert i søkarar som kan styrke og utvide den pågåande forskingsaktiviteten i gruppa. Søknaden må relatere søkjars forskingsinteresser til gruppas etablerte interessefelt (sjå gruppas heimeside)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som skal tilsetjas

  • har ein doktorgrad eller tilsvarande kompetanse innan informatikk, matematikk eller annet relevant fagfelt
  • har forskingserfaring i eitt eller fleire av programutviklingsteori gruppas forskingsfelt,
  • har erfaring frå internasjonalt forskingssamarbeid,
  • kan dokumentere tidlegare forsking i form av ei sterk publikasjonsliste,
  • er i stand til å arbeide uavhengig, og har gode samarbeidsevner,
  • er i stand til å bidra i forskingsgrupper, både som leiar og som deltakar,
  • er forventa å bidra til eksternt finansierte forskingsaktivitetar,
  • kan dokumentera evner til å bli tildelt eksternt finansierte forskingsprosjekt, og
  • har glimrande evner i munnleg og skriftleg engelsk

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Krav til utdanningsfagleg kompetanse

Til stilling som førsteamanuensis blir det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.

Dette inneber dokumentasjon av

  • fullført universitetspedagogisk utdanning (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om kriterium og dokumentasjonskrav til utdanningsfagleg kompetanse finst her.

Søkjarar som ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, vil bli pålagt å oppfylle krava innan to år etter tiltreding.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan 3 år etter tiltreding.

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som førsteamanuensis (kode 1011) i lønsregulativet til staten og ei brutto årsløn på på kr 661 400 – 714 000 (tilsvarar lønstrinn 70 - 74). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Meir informasjon finst her.

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)
  • utdanningsfagleg kompetanse dokumentert gjennom utdanningsfagleg mappe (sjå ovanfor)
  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Lene Sørheim.

Tilsetjing er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS