Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis
Universitetet i Bergen har ledig ei fast stilling (100 %) som fagleg praksisleiar (førsteamanuensis) med ansvar for praksisutvikling og skulesamarbeid i lektorutdanninga.
Lektorutdanninga ved Universitetet i Bergen omfattar 5-årig lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning, med til saman om lag 900 studentar. Lektorutdanninga er eit samarbeid mellom fleire fakultet, og blir koordinert av lektorsenteret ved UiB.
Som fagleg praksisleiar vil du bli tilsett ved Institutt for pedagogikk. Du vil rapportere til fagleg leiar ved lektorsenteret for oppgåver som gjeld praksisutvikling og skulesamarbeid, og ha fast kontorplass ved lektorsenteret. Forskingsdelen av stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk og forskingsmiljøet der. Du har kontorplass der òg. Stillinga er finansiert av UiB v/Lektorsenteret.
Du må ha god kontakt med praksisfeltet i skulen.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Arbeide med den profesjonsfaglege kvaliteten i praksisopplæringa i lektorutdanninga
Fagleg utvikling av praksissamarbeid og partnarskap med skular og skuleeigarar
Fagleg utvikling av skuleretta etter- og vidareutdanningstilbod
Leie praksisutvalet
Drive forsking som er relevant for stillinga
Vere aktivt medlem i ei av forskingsgruppene ved instituttet
Initiere og ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering
Rettleie ph.d.- og masterstudentar
Vi viser til dei generelle reglane ved universitetet om at den som blir tilsett også̊ kan bli pålagt arbeidsoppgåver utanfor den organisasjonseininga som stillinga er knytt til, innanfor normal arbeidsplikt og den tilsette sin faglege kompetanse.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må
ha norsk doktorgrad i pedagogikk, fagdidaktikk eller eit anna felt med relevans for lektorutdanninga, eller tilsvarande på søknadstidspunktet
ha lærarutdanning
ha grunnleggjande utdanningsfagleg kompetanse på universitets- og høgskulenivå. Dersom du ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetjing, må̊ kravet om grunnleggjande utdanningsfagleg kompetanse på universitetsnivå vere oppfylt innan to år.
kunne dokumentere at du har erfaring med prosjektleiing, koordinering av forskings- og undervisningsaktivitetar og strategisk planlegging. I den samanhengen vil òg administrativ erfaring i sektoren kunne telje positivt.
ha gode samarbeidsevner. Andre personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga vil òg bli vektlagde.
Du bør ha
brei skulefagleg erfaring og/eller forskingsbakgrunn i fagdidaktikk, pedagogikk eller disiplinfag som er relevant for lektorutdanninga.
I vurderinga vil det bli vurdert som positivt om du kan vise til systematisk arbeid med utvikling av undervisningskvalitet i skulen eller i høgare utdanning, særleg innanfor lærarutdanning.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
I tilsetjingsprosessen blir det gjennomført intervju, prøveforelesing og referanseinnhenting. Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Vi tilbyr:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver
moglegheit til å kvalifisere seg til professor
løn etter lønssteg 72 - 78 (kode 1011) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 720 100 - 821 100 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde (maksimum 10, kan inkludere avhandlingar, monografiar eller artiklar/kapittel).
Det kan leggjast ved inntil 5 bidrag knytte til formidling eller praksisretta utviklingsarbeid
Namn og kontaktinformasjon til inntil tre referansepersonar. Ein av desse bør vere noverande eller tidlegare overordna
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan søknadsfristen.
øknadene blir vurderte på grunnlag av den informasjonen og dei vedlegga som er tilgjengelege i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er særs viktig at dei vitskaplege arbeida det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap blir lasta opp som vedlegg til søknaden. Søkjaren har sjølv ansvar for å sjå til at all informasjon er lasta opp innan fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
leiar for lektorsenteret, professor Endre Brunstad, epost endre.brunstad@uib.no, telefon 55588399
instituttleiar ved Institutt for pedagogikk Kjersti Lea, kjersti.lea@uib.no, telefon 55583133
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.