Førsteamanuensis eller universitetslektor (20 %ekstraerverv) i allmennmedisin/sjukeheimsmedisin
Søknadsfrist: 14.06.2026
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Om stillinga
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (20 % ekstraerverv) i allmennmedisin/sjukeheimsmedisin i 4 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) som lege i kommune i Bergensområdet, der heile eller der av stillinga er knytt til sjukeheim eller eldremedisin. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for allmennmedisin/sjukeheimsmedisin.
Stillinga er plassert i Fagområde for allmennmedisin (FAM). FAM har rundt 14 fast tilsette i tillegg til fleire bistillingar og stipendiatar. IGS er lokalisert i eit flott nybygg i Alrek helseklynge på Årstadvollen. Alrek helseklynge arbeider med forsking, innovasjon og undervisning retta mot kommunane, der tverrprofesjonelt samarbeid er ein viktig del. IGS sin nye forskings- og innovasjonsstrategi er basert på samarbeidet i Alrek helseklynge.
Vi søkjer ein lege som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning med vekt på eldremedisin i kommunal helseteneste og utvikling av praksisutdanning i sjukeheimar. Stillinga skal styrke utdanninga i primærmedisin i legeutdanninga ved fakultetet gjennom det nye studieprogrammet Vestlandslegen (Legeutdanning i Noreg - Vestlandslegen som satsing ved UiB | Vestlandslegen | UiB).
Arbeidsplassen vil vere ved IGS, men i praksis også til undervisning ved kommunale einingar i Bergen og omegnskommunar. Den tilsette vil også delta på stabsmøter ved instituttet.
Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:
Leie og initiere forskingsprosjekt
Undervise og rettleie studentar og stipendiatar. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til allmennmedisin/sjukeheimsmedisin og praksisutdanning på sjukeheimar i Bergen og omegnskommunar for legestudentar i regi av Fagområde for allmennmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
Ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking ogundervisning.
Aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.
Sende søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder forforskingsfinansiering.
Arbeidsoppgåver for universitetslektor:
Undervise og rettleie studentar. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til allmennmedisin/sjukeheimsmedisin og praksisutdanning på sjukeheimar i Bergen og omegnskommunar for legestudentar i regi av Fagområde for allmennmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
Ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
Delansvar for utforming av undervisning i allmennmedisin/sjukeheimsmedisin
Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:
Kvalifiserte søkjarar må:
ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse
vere utdanna lege (cand.med.) og helst ha spesialitet i allmennmedisin. Andre spesialiteter kan og vere relevante
ha særs god kjennskap til arbeid som sjukeheimslege
ha erfaring med forskningsprosjekt i relevante tema
ha erfaring med undervisning, på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar
fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan fire årfrå tilsetjing
Det er ønskjeleg at søkjarar har:
brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
erfaring med rettleiing av ph.d.-kandidatar
erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar
evne til å etablere internasjonale nettverk
eiga forskingsgruppe, eller er i ferd med å etablera eiga forskingsgruppe
erfaring med og interesse for innovasjon
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:
Søkjar må
vere lege (cand.med.-grad) og helst ha spesialitet i allmennmedisin eller vere under utdanning. Andre spesialiteter kan og vere relevante.
ha engasjement og interesse for undervisning
ha gode kommunikasjonsevner
ha vilje og evne til samarbeid
fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan to år frå tilsetjing
Det er i tillegg ønskeleg at søkjar
har brei og relevant klinisk erfaring innan allmennmedisin
har undervisnings- og administrativ erfaring
har erfaring med populærvitskapleg formidling
har interesse for forsking
Vi tilbyr:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Førsteamanuensis:
Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Universitetslektor:
Løn er for tida kr 630 000 – 680 000 (kode 1009) brutto per år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga og planar for eiga forsking
Utfyllande CV, vitnemål og attestar
Fullstendig publikasjonsliste
Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.
Søknaden skal innehalde for universitetslektor:
Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
Fullstendig publikasjonsliste
Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Deretter vil fakultetet invitere dei best kvalifiserte søkjarane til å sende inn vitskaplege arbeid.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.