LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (dermatovenerologi)

Søknadsfrist: 10.05.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (dermatovenerologi)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Klinisk medisin 1, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin (dermatovenerologi) i fire (4) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling som overlege (minimum 50 %) ved Hudavdelinga, Haukeland universitetssjukehus (HUS). Arbeidsstad er ved denne avdelinga på HUS.

Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit felt som er relevant for instituttet

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Undervise og rettleie studentar og stipendiatar. Undervisningsplikta er først og fremst knytt til medisinarutdanninga, nærare bestemt hud- og veneriske sjukdommar, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har.
  • Drive forskingsaktivitet innan relevante fagområde og søkje forskingsmidlar frå relevante kjelder er ønskjeleg.
  • Ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.
  • Det vert forventa god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning.
  • Aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sine faglege aktivitetar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifiserte søkjarar må:

  • ha norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse.
  • vere lege (cand.med.) og ha spesialitet i hud- og veneriske sjukdommar 
  • ha erfaring med forsking innan fagfeltet, gjerne innan inflammatoriske hudsjukdommar
  • ha erfaring med undervisning, på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar
  • fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan fire år frå tilsetjing 

Det er ei føremon om søkjarar har:

  • erfaring med rettleiing av ph.d.-kandidatar
  • erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar
  • evne til å etablere internasjonale nettverk 
  • eiga forskingsgruppe, eller er i ferd med å etablera eiga forskingsgruppe
  • erfaring med og interesse for innovasjon 

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 760 000 – 770 000 (kode 1011), eller løn for spesialist kr 770 000 – 805 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga og planar for eiga forsking
  • Utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Pedagogisk mappe, sjå Eining for læring
  • Ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • Dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: instituttleiar Rune Bjørneklett (rune.bjorneklett@uib.no) eller fagansvarleg Ingeborg M. Bachmann (ingeborg.bachmann@uib.no)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS