Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis
Ved Institutt for design er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100%) i visuell kommunikasjon. Tilsetjing er ønska så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer kandidatar som beherskar eit breitt uttrykksregister, har interesse for ulike media, og kan sette visuell kommunikasjon inn i historisk, samfunnsmessig og kommunikativ samanheng. Vi vektlegg heilskapleg forståing og god evne til refleksjon rundt fagområdet og designfaglege problemstillingar.
Den ideelle kandidaten har erfaring med rettleiing og undervising på både BA, MA -og, ph.d.-nivå, og nokre eller fleire av følgjande arbeidsområde: Redaksjonell design, visuell identitet, designaktivisme, kritisk/diskursiv design.
Erfaringar frå sosiale mobiliseringsprosessar og design i offentlege rom vil bli vurdert som relevant. Kandidatane må vere konseptuelt orientert og ha god kunnskap om relevante designmetodar. Vi ynskjer ein kandidat som er bevisst feltets breiare relevans i visuell kultur i eit omskifteleg og marknadsstyrt samfunn.
Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene.
Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd ph.d.-utdanning eller gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg (designfagleg) verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:
Ein utvikla praksis innan fagområdet.
Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
Organisatoriske evner og erfaring.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
Undervisningsspråket er skandinavisk og engelsk. Det blir stilt krav om at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr 680 000 - 735 000 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.