Førsteamanuensis (100%) i visuell kommunikasjon ved Institutt for design
Søknadsfrist: 18.11.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis
Ved Institutt for design er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100%) i visuell kommunikasjon. Tilsetjing er ønska så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer kandidatar som meistrar eit breitt uttrykksregister innan fagområdet, og som har erfaring med ulike medium og kommunikasjonsplattformer. Kandidaten har erfaring med gjennomføring av ulike designprosjekt, og har ei heilskapleg og reflektert forståing av fagområdet.
Den ideelle kandidaten har erfaring med rettleiing og undervising på universitetsnivå. Vi søker en kandidat som kan undervise på fleire nivå, både BA og MA, samt vere rettleiar for ph.d.-kandidatar.
Kandidaten evner å sjå visuell kommunikasjon i et historisk og samfunnsmessig perspektiv og har god kunnskap om relevante designmetodar.
Vi søker en kandidat som kan bidra i utviklinga av studieprogrammet på instituttet, der kompetansefelta redaksjonell design, visuell identitet, deltakande design og publisering på ulike flater vil vere særleg i fokus.
Arbeidsoppgåver:
Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid
Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
Kunstnarleg utviklingsarbeid, inkl. prosjektutvikling/-leiing og aktiv deltaking i forskingsgrupper
Hovudrettleiar for BA-, MA- og ph.d.-studentar
Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkl. opptaksarbeid
Formidling av kunstnarisk utviklingsarbeid
Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa fullt nærvær.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd ph.d.-utdanning eller gjennomført godkjent stipendprogram for kunstnarleg utviklingsarbeid på aktuelt fagområde eller dokumentert kunstnarleg (designfagleg) verksemd eller utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og med ei særleg fordjuping som er relevant for fagområdet eller disiplinen
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning.
Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for instituttets stab og studentar.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:
Dokumentert erfaring med å innhente ekstern finansiering.
Ein utvikla praksis innan fagområdet.
Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
Organisatoriske evner og erfaring.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
Arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsbevisst, fleksibel og imøtekommande.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr 720 100 – 759 100 brutto. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg. Det er viktig at søkaren tydeleggjer sine betraktningar og beskriv sitt syn på fagfeltets posisjon og moglegheiter.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.