LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førsteamanuensis (100 %) i nye medium

Søknadsfrist: 27.03.2026

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Førsteamanuensis

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (100 %) innan nye medium. Tilsetting er ønskt så snart som mogleg frå august 2026.

Arbeidsoppgåver/fagområde:

Vi søkjer ein førsteamanuensis med høgt utvikla kunstnarisk praksis innan nye medium i samtidskunsten. Søkjarar må dokumentere omfattande kunstnarisk praksis på høgt nivå og ei brei orientering i nye medium innan samtidskunstfeltet, inkludert tilhøyrande teoretisk, historisk og teknisk kunnskap.. Stillinga krev dokumentert erfaring og avanserte ferdigheiter innan tidsbaserte medium som lyd, video, film, performance-forelesing, KI og andre relaterte uttrykksformer. Kandidatar må kunne vise til djup innsikt i dei gjensidig avhengige tekniske og konseptuelle sidene ved desse media.

Den nye førsteamanuensen vil ha ei sentral rolle i å forme, utvide og vidareutvikle instituttet sitt kunstnarlege forskingsmiljø i tett samarbeid med kollegaer. Den som vert tilsett vil bidra til å definere den kunstnarlege forskingsprofilen innan kunst, både på instituttet og i potensielle tverrfaglege samanhengar, og må vise både motivasjon og evne til å delta i kollektive forskingsprosessar og prosjekt. Stillinga krev evne til å initiere, utvikle og gjennomføre kunstnarlege forskingsprosjekt i tråd med instituttet og fakultetet sine forskingsstrategiar og prioriteringar. Kunnskap om nasjonale og internasjonale felt innan kunstnarleg forsking er forventa, og kandidaten skal aktivt bidra til utviklinga av dette Nye medium er ein integrert del av instituttet sine studieprogram. Vi søkjer difor kandidatar der kunstnarleg utviklingsarbeid og praksis kan direkte informere og styrkje undervisninga. Den som vert tilsett må kunne utvikle nytenkjande undervisningsprosessar, emne og prosjekt basert på si spesialistkompetanse. Undervisningsoppgåvene omfattar å legge til rette for studentane si kunstnarlege utvikling og kritiske forståing på tvers av eit breitt spekter av medium. Førsteamanuensisen må kunne rettleie studentar som arbeider med andre kunstnariske uttrykk enn sitt eige spesialfelt. Undervisninga går føre seg i verkstader, atelier og seminarrom, både individuelt og i grupper.

Søkjarar bør ha erfaring med undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå, og helst også ph.d.-nivå, innan kunstnarisk utviklingsarbeid. Stillinga inneber aktiv deltaking i utviklinga av instituttet si emneportefølje og i kvalitetssikringsprosessar.

Søkjarar må vere motiverte for, og ha evne til, å arbeide i eit kulturelt mangfaldig arbeids- og læringsmiljø.

Arbeidsstaden for denne stillinga er på campus i Bergen, og fullt nærvær er forventa.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid
  • Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
  • Hovudrettleiar for BA-, MA- og ph.d.-studentar.
  • Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkludert opptaksarbeid.
  • Kunstnarisk utviklingsarbeid, inkludert utvikling/leiing av forskingsprosjekt, søknader om ekstern finansiering og aktiv deltaking i forskingsgrupper.
  • Presentasjon/formidling av kunstnarlege forskingsresultat.
  • Organisering og tilrettelegging av ovanståande oppgåver
  • Administrative og andre leiingsoppgåver, inkludert styre, råd, arbeidsgrupper og komitear.

Lista er ikkje uttømmande. Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Stillinga som førsteamanuensis krev doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid (der hovudkomponenten er eit kunstnarisk resultat) innan kunst/nye medium, eller tilsvarande kompetanse dokumentert gjennom kunstnarleg arbeid av samanliknbar omfang og kvalitet, kombinert med høgare grad eller tilsvarande i nye medium/ kunst.

Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd universitetspedagogisk basiskompetanse, som skal dokumenterast på grunnlag av eigen undervisning/rettleiing og gjennomført universitetspedagogisk utdanning (200 timar eller tilsvarande). Det krevjast:

  • Grunnleggande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing.
  • Evne til å reflektere over egen underviserrolle, og til å diskutere og grunngje val i egen undervisning og rettleiing.

Kompetansen dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe med oversikt over og dokumentasjon på søkarens praktiske erfaring og gjennomførte kurs, samt eit kortfatta refleksjonsnotat. Notatet skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og ein vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for stab og studentar ved instituttet.

Det vil òg bli lagt vekt på:

  • Ei utvikla praksis innan kunst/nye medium med tilhøyrande tekniske ferdigheiter og kunnskap.
  • Undervisnings- og rettleiingserfaring på universitets-/kunstakademinivå.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarleg, fleksibel og løysingsorientert.
  • Motivasjon for å utvikle relevante faglege nettverk både lokalt og internasjonalt.

Undervisningsspråket er primært norsk. Det er krav om at den tilsette kan norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetting.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) med årsløn kr 757 600–815 000 brutto pr. år. Det blir trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der søkjaren gjer greie for motivasjonen for å søkje stillinga, og forklarar korleis kvalifikasjonar og erfaring er relevante for dei tilhøyrande arbeidsoppgåvene og krava til stillinga.
  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd
  •  Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar. (Last ned og fyll ut skjema for pedagogisk mappe).

NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Katrine Hjelde, mob. +47 455 19 545, e-post: Katrine.Hjelde@uib.no.

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Katrine Hjelde (Instituttleder), +47 455 19 545
  • Katrine.Hjelde@uib.no. (HR ved KMD), hrkmd@uib.no
Powered by Labrador CMS