Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førsteaman. / univ.lektor (rettsmedisin)

Søknadsfrist: 04.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førsteamanuensis/universitetslektor i medisin (rettsmedisin)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Seksjon for patologi, er det ledig to faste stillingar som førsteamanuensis (50%). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar med førsteamanuensiskompetanse, kan det verte tilsett universitetslektor. Stillingane er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Avdeling for Patologi ved Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved Avdeling for Patologi.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Hovudoppgåva for stillinga er å utføre rettsmedisinske tenester, samt delta i undervising, forsking og formidling innan rettsmedisin / patologi.
  • Den som vert tilsett vil få delansvar for å utføre ulike rettsmedisinske tenester for politi og påtalemynde
  • Den som vert tilsett vil få delansvar for utforming av undervisinga i rettsmedisin / patologi i samsvar med den til kvar tid gjeldande studieplan ved fakultetet
  • Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervising og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid
  • Det vert venta at den som vert tilsett bidrar aktivt til forskingsmiljøet innan rettsmedisin / patologi, og at ein legg fram plan for eiga forsking, med utgangspunkt i institusjonen sin forskingsstrategi
  • Den tilsette pliktar å medverka til aktiv rekruttering og forskingsrettleiing av studentar og stipendiatar, og å fremja forskinga ved universitet og sjukehus

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha medisinsk embetseksamen og førsteamanuensis må i tillegg ha norsk doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • Spesialitet i patologi og erfaring innan rettspatologi er ein føremon, men ikkje absolutt føresetnad
  • Det vert lagt vekt på erfaring innan leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid
  • Søkjar må dokumentera undervisings- og administrativ erfaring, og erfaring med populærvitskapleg formidling
  • Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode
  • Pedagogisk basisutdanning er eit krav for stillinga, sjå retningsliner på http://www.uib.no/mofa/65433/ledige-stillinger . Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing

Vi tilbyr:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Førsteamanuensis: løn etter lønssteg 66-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 594 400-691 400, eller lønssteg 68-74 (spesialist) for tida kr 615 900 - 691 400. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Vakttillegg og andre tillegg for rettsmedisinsk arbeid kjem i tillegg.
  • Universitetslektor: grunnløn frå lønssteg 52-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 464 000 - 573 100 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vakttillegg og andre tillegg for rettsmedisinsk arbeid kjem i tillegg
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå Eining for læring (for førsteamanuensisstillinga)
  • ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde
  • vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10) i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Professor Kathrine Skarstein (seksjonsleiar), telefon: 55973227 /97006682, e-post: Kathrine.Skarstein@uib.no eller
  • Instituttleiar Kjell-Morten Myhr, telefon 55976031 / 41447868, e-post: Kjell-Morten.Myhr@uib.no

Den statlege arbeidsstyr i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS