Stilling:

Førsteamanuensis / universitetslektor i arbeids- og organisasjonspsykologi og motivasjonspsykologi (vikariat)

Søknadsfrist 21. november 2018

Ved Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultet er det ledig eit vikariat som førsteamanuensis/universitetslektor i arbeids- og organisasjonspsykologi og motivasjonspsykologi for perioden 01.01.19- 31.12.19.

Det psykologiske fakultet tilbyr profesjonsutdanning for psykologar, har ansvar for universitetspedagogisk utdanning av UiB sin eigen stab, bidreg med pedagogikkdelen av lærarutdanninga, og tilbyr grader innan eit vidt felt: barnevern, helsefremjande arbeid, pedagogikk, spesialpedagogikk, lærarutdanning, psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og logopedi. Fakultetet sine hovudsatsingsområde innan forsking er knytt til helse, utdanning, utviklingsrelatert forsking og basalforsking i vid forstand.

Instituttet har til saman 35 faste vitskapelege stillingar og har undervisningsansvar på årsstudiet i psykologi, profesjonsstudiet i psykologi, bachelorprogramma i arbeids- og organisasjonspsykologi og i generell psykologi og på masterprogrammet i psykologi (med dei tre studieretningane arbeids- og organisasjonspsykologi, psykologisk vitskap og åtferd og nevrovitskap), samt på PhD-programma ved Det psykologiske fakultet. Instituttet har òg fleire emnetilbod innan etter- og vidareutdanning. Instituttet driv forsking i psykologiske basalfag og innan anvende område som skule- og opplæringspsykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi og samfunnspsykologi.

Arbeidsoppgåver:

Denne stillinga skal primært fylle undervising, rettleiing og sensuroppgåver på fagfeltet arbeids- og organisasjonspsykologi og på emnet PSYK109 Motivasjonspsykologi. Utover dette kan stillinga innebere undervisning, rettleiing og sensur på andre emne og studieprogram ved instituttet på ordinær måte, så sant det er innafor kompetansefelt og ressursramme for den som vert tilsett. Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Undervising, rettleiing, godkjenning av obligatoriske arbeidskrav og sensur på emna:
  1. PSYK110 Arbeids- og organisasjonspsykologi
  2. PSYK106 Personalpsykologi
  3. MAPSYK321 Organisasjons- og leiarutvikling
  4. MAPSYK301 Perspektiv i psykologisk vitskap
  5. MAPSYK323Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma
  6. PSYK210 Nyare teoretiske, metodiske og empiriske bidrag i arbeids- og organisasjonspsykologi
  7. PSYK109 Motivasjonspsykologi

Den som vert tilsett vil elles ha administrative oppgåver og delta i møte og komitéarbeid på line med dei andre tilsette ved instituttet.

Dersom den tilsette får posisjon som førsteamanuensis, vil vedkomande ta del forskinga ved instituttet i vikarperioden. Dersom den tilsette får posisjon som universitetslektor vil ein større del av stillinga vere knytt til undervisning, og med noko rom for utviklingarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Den som vert tilsett må på søknadstidspunktet ha disputert i psykologi eller tilsvarande (gjeld førsteamanuensis). Dersom det ikkje er søkjarar med slik bakgrunn, kan det vere aktuelt med stilling som universitetslektor.
  • Han eller ho må ha kompetanse innan arbeids- og organisasjonspsykologi og motivasjonspsykologi
  • Han eller ho må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Det blir kravd at den som blir tilsett, kan undervise, sensurere og ta del i alle instituttaktiviteter på norsk eller eit anna skandinavisk språk ved oppstart.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • For førsteamanuensisstilling: løn etter lønssteg 64 – 74 (kode 1011/lønsramme 24, alternativ 8 – 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 565 100 – 681 800 brutto. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • For universitetslektorstilling: løn etter lønssteg 54 – 64 (kode 1009/lønsramme 25, alternativ 4 – 10) etter hovudtariffavtalane i staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 471 900 – 565 100 brutto. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin bakgrunn og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål
  • Attestar
  • Namn og kontaktopplysingar til to referansar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10 vedlegg)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurdering i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.

Rangerte søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Søknadsfrist: 21.11.2018

Søknaden skal merkast: 18/12082

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Instituttleder/professor Roar Espevik

E-post [email protected]

Tlf. 55 58 23 26

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen